Setesdalsliv
Setesdalsmuseet – eit museum på langs. Frå Hovden i nord til Iveland i sør ønskjer vi velkomen til gode museumsopplevingar.
Kva skjer?
Setesdalskunstnaren Olav Bjørgum er kjent for sine flotte og humoristiske trykk og illustrasjonar. Med denne utstillinga er det ei anna side av kunstnaren som blir vist fram, teiknaren Olav Bjørgum.
16. nov - 31. aug 2025
10:00
Setesdalsmuseet
Evje og Ivelandsområdet er kjent for sin store mineralrikdom. I Landsverkgruva, som er ein del av Evje mineralsti, kan du sjølv gå på skattejakt etter vakre mineralar
Mineralleiting
24. jun - 31. aug 2025
10:00
Evje Mineralsti
Ein båttur på Byglandsfjorden i vedfyrt dampbåt er ei oppleving du seint gløymer. DS Bjoren har opne turar med avreise anten frå Bygland eller frå Byglandsfjord. Sjekk segleplanen nedanfor.
Båttur
01. jul - 27. aug 2025
12:00
Bygland museum