|
|
 |
|
Velkomen til Setesdalsmuseet på Rysstad.
Museet er dagleg ope for publikum månd.- fred. kl. 10-15.
Kontakt oss for opning utanom opningstid (for grupper),
og for besøk til andre anlegg.
Til Hovden jernvinnemuseum kan det lånast nøkkel i
resepsjonen på HovdenFerie.
Les meir om Setesdalsmuseet på Facebook,
og bli gjerne ven med oss ! |
 |
Tak gjerne kontakt med oss om du har spørsmål!
E-mail: post@setesdalsmuseet.no eller
tlf. 37 93 63 03.
|
| |
| |
16.05.2013
Har du lyst til å verte museumspedagog på Setesdalsmuseet?
Interessant og spennande stilling som musemuspedagog på Setesdalsmuseet er no lyst ledig. Kan dette vere noko for deg?
Les meir
|
|
22.04.2013
Nye postkort på Setesdalsmuseet
Laila Duran har vore i Setesdal fleire gonger og fotografert bunadane våre. Som eit resultat av samarbeidet med Setesdalsmuseet har vi fått laga 6 nye postkort som du no kan kjøpe på museet. Etter kvart vil korta også verte lagt ut for sal i butikkar.
Les meir
|
|
22.04.2013
Stall frå Heimtveiten i Bykle vert restaurert på Norsk Folkemuseum.
I samband med neddemminga av gardane i Nordbygdi i Bykle, vart den gamle stallen på Heimtveiten teken ned og frakta inn til Norsk folkemuseum. No er arbeidet med restaurering i full gang, mellom anna med god hjelp av bygningsansvarleg på Setesdalsmuseet Anders dalseg. Følg det vidare restaureringsarbeidet på bloggen til Norsk Folkemuseum.
Blogg om restaurering av stall frå Heimtveiten i Bykle.
Les meir
|
|
10.04.2013
Stifting av eit sogelag for Setesdal
I kveld kl. 19 samlast historieinteresserte frå Byglandsfjord i sør til Fjellgardane i nord seg på Setesdalsmuseet til stiftingsmøte for eit sogelag i Setesdal.
Vel møtt!
Info frå Setesdølen
|
|
21.02.2013
Bygningsvernsenter etablert
Eit bygningsvernsenter for Aust-Agder. Terje Granås skal ha kontor i Arendal, medan Ane Uleberg får kontorstad på Setesdalsmuseet. Vi ser fram til ein spennande sameksistens og nyttig samarbeid.
Meir om bygningsvernsenteret
|
|
10.10.2012
Laila Duran har vore i Valle og fotografert bunadar
Siste helga i september var det stor aktivitet på Rygnestadtunet då Laila Duran var i Valle for å fotografere setesdalsbunaden. Mange stilte opp som modellar, og no er dei fyrste bileta å sjå på heimesida til Laila Duran.
Heimesida til Laila Duran
|
|
|
|
 |

Setesdalsmuseet Postboks 24 N-4748 Rysstad Tlf.: (+47) 37 93 63 03 Faks: (+47) 37 93 63 23 post@setesdalsmuseet.no
Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre
Opningstid utanom sesong:
12.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.
Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
|