Arkiv:
År:
2008
2009
2010
Måned:
Siste 10 fra Aktuelt
|
10.07.2010
Tveitestemna 2010 sundag 1. august
Den tradisjonelle Tveitestemna vert skipa til sundag 1. august. Ein ny vri med start med vandring i kulturlandskapet kl. 11.30, for så at sjølve stemna startar kl. 13.00.
I sjølve våninghuset lagar Setesdalsmuseet til kunstutstilling saman med Valle sparebank, der ein viser mange av dei sjeldne kunstverka med motiv frå dalen som banken har kjøpt opp gjennom åra.
Sjå program
Les mer
|
|
10.07.2010
Utekonsert med Valkyrien allstars på Setesdalsmuseet fredag 30.7 kl. 19.0
I samband med den tradisjonelle Setesdalskappleiken, vert det skipa til konsert med Valkyrien Allstars i tunet framfor museet på Rysstad om kvelden
Sjå program
|
|
10.07.2010
Slåttedag på Rygnestad laurdag 17. juli kl. 10
Slip opp den gamle ljåen og ver med på slåttedag på Rygnestad. Vi startar kl. 10, og held på til vollen er slegen og hesja sett opp.
Slåttegraut kl. 12.
Sjå program
|
|
20.05.2010
Museumspedagog eller vaktmeister? Ledige stillingar på Setesdalsmuseet.
På Setesdalsmuseet er det no ledige stillingar som museumspedagog (100%) og vaktmeister (40%). Vi søkjer kreative og engasjerte medarbeidarar til å vere med og løyse dei mange oppgåvene som ligg til museet.
Søknadsfristen er sett til 4. juli. Treng du informasjon er du hjarteleg velkomen innom i sentralbygget op Rysstad, eller du kan sende oss ein mail på post@setesdalsmuseet.no.
Les mer
|
|
14.05.2010
"Lengselens bilder" . Sommarutstilling med Amerikabilete
Våren 2004 var to forskarar frå universitetet i Bergen på Setesdalsmuseet, og det vart mykje blest og innsamling av gamle amerikabilete.
No kjem resultatet av mykje arbeid i etterkant med utstillinga "Lengselens bilder" som professor Sigrid Lien har stått anavarleg for. Samstundes gav ho au ur eiga bok med same tittel.
Dette er årets sommarutstilling på Setesdalsmuseet.
Les mer
|
|
07.05.2010
Dokketeater med eventyret om Ildfuglen på museet 9. mai
Nelleke Moy har halde på med dokketeater i Setesdal i over 30 år. No har ho laga til forteljinga om Ildfuglen som dokketeater, og kjem til Setesdalsmuseet
Sundag 9. mai kl. 15
med dokkene sine.
Inngang:
Ein person kr. 50,-
Familie (stor eller liten) kr. 100,-
Vi ønskjer små og store velkomne til ein hyggeleg ettermiddag.
Sjå heimesida til Nelleke
|
|
25.03.2010
Hylestadportalane i tekst og bilete
Fredag 9. april kl. 15 vert det urframføring i soknehuset på Rysstad. I samarbeid med Den kulturelle skulesekken og Agder folkemusikkarkiv er det laga til eit flott program som no skal ut på turne.
Les mer
|
|
24.03.2010
Setesdalsmuseet søkjer etter guidar/omvisarar
Setesdalsmuseet treng omvisarar til sommaren 2010 - sjå søknadsskjema. Har du lyst på ein triveleg sommarjobb, høyrer vi gjerne frå deg.
Kontakt museet på tlf. 379 36 303 eller post@setesdalsmuseet.no, så får du meir informasjon.
Søknadfrist 19.4.2009
Søknadsskjema
Les mer
|
|
24.03.2010
Setesdalsmuseet si påskeutstilling
For eit par år sidan laga Setesdalsmuseet ei eiga nettutstilling til påska. I år kan du sjå denne ved å logge deg på Kulturnett sine sider.
Kanskje fristar det med ein heietur når du har sett denne utstillinga?
Setesdalsmuseet ønskjer alle ei rektig god påske!
Påskeutstilling
Les mer
|
|
24.03.2010
Margaret Skjelbred til forfattarkveld på Setesdalsmuseet
Torsdag 22. april kl. 19 skipar Valle folkebibliotek til forfattarkveld på Setesdalsmuseet.
Kveldens gjest er forfattaren Margaret Skjelbred.
Kaffi og kaker.
Vel møtt!
Meir om Margaret Skjelbred
|
|