BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
Skuespelarar i sving i museumstunet

Bygdespel i museumstunet.

Iveland og Vegusdal bygdemuseum ligg på garden Fjermedal. Her er samla gamle bygningar frå ulike delar av Iveland og Vegusdal, og du kan sjå setehus (Engeslandhuset), stolpehus, eldhus, løe, stall og kvernhus. Bygningane er frå 1600-talet og seinare. Engeslandhuset er eit typisk gardshus frå distriktet der den eldste delen er frå 1600-talet. I tillegg består museet av eit moderne utstillingsbygg.
Kopi av krukker frå Skreros  Kvinne og barn sit på stranda ved stokkebåten.

I museet vart det sommaren 2006 opna ei ny utstilling som tek utgangspunkt i funn av stokkebåtar frå vikingtida og andre jernalderfunn i området. Utstillinga heiter "Teknikk og tradisjon i jernalderen", og skal gje publikum innblikk i jernalderens teknologi og handverk, samferdsel og førestellingsverd. Publikum kan bli kjent med stokkebåtane som er funne i Haughomvatnet, korleis stokkebåtar blei laga, og kva dei vart bruka til. Ein kan tenkje seg at båtane har vore nytta til både frakt av råmateriale for framstelling av jern, handelsvarer eller anna. Gamle ferdselsvegar i distriktet er godt dokumenterte, og vi får innblikk i eit velutvikla kommunikasjonsnett . Vi blir kjende med jernaldermenneska og deira liv, om kvinner og kvinners stilling og om gravskikkar.

 

 

 

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS