"So gjekk me kledde i Råbyggjelaget"
Råbyggjelaget er eit gamalt namn på dei indre bygdene i Aust-Agder. Utstillinga fokuserer på drakt og kultur i dei bygdene frå Bykle øvst oppe til Iveland og Vegusdal i sør. Utstillinga er bygt opp rundt eit steingjerde, og det første som møter dei besøkande når dei kjem er Paal-Helge Haugen sitt dikt "Steingjerde". Haugen er sjølv frå Valle, og diktet er spesielt på den måten at teksta visualiserer det gamle kulturlandskapet, samstundes som det fokuserer på viktige sider ved det gamle bondesamfunnet, om slit og samhald.
Utstillinga er bygt opp rundt tablå med ulike tema frå kvardagsliv til livshøgtider. Drakttradisjonen i Setesdal er ubroten. Samstundes som dei siste brukte drakta til kvardags, var det mange som hadde teke dalekleda i bruk til høgtider - konfirmasjon, bryllaup og 17. mai. Difor er det mykje ulikt i detaljane. Fargeval og mønster endra seg frå bygd til bygd.
Draktskikken var heller ikkje den same i heile regionen. Øvst oppe i dalen, i Fjellgardane, var drakta inspirert frå Telemark. I sør var det kysten som gav mest inspirasjon. Der var drakttradisjonen mest i ferd med å smuldre opp då dei første fotografia vart tekne i andre halvdel av 1800-talet. Men det var framleis dei som heldt tradisjonen ved like, og i monteren er det vist fram fleire draktelement som m.a. har tilhøyrt mor og bestemor til seinare statsminister Jørgen Løvland.
Utstillinga viser også filmen "Eit anna Setesdal" som er er produsert av Ingemar Brokka Rike frå Valle, og viser at setesdølane også hadde eit breiare perspektiv på liv og levnad. Fokus vert sett på setesdølane si store interesse for det nasjonale, og den store rolla nokre dølar spela i oppbygginga av nasjonen Noreg for godt 100 år sidan.
|