Huldreheimen er eit bygdetun samla av dr. Anton Raabe og skodespalerinne Tore Segelcke. Alle husa er flytte til staden, og av 6 bygningar er 3 frå Bykle og 3 frå Valle/Hylestad. I borgarleg nasjonalromantisk ånd skapte dei seg eit ferieparadis slik dei sjølve sa det, og ynskte samstundes å ta vare på gamal setesdalskultur som var i ferd med å forsvinne. Tunet er slik sett ikkje eit gardstun, men ei samling av enkeltbygningar og -gjenstandar. Huldreheimen vart gitt i gåve til Bykle kommune i 1948.
Huldreheimen består av ei årestoge (ca 1500) frå Tveiten i Valle, ei støylsbu frå Heddestøyl i Finndalen, Valle, Margitsloptet (ca 1600) frå Jåro i Bykle, stolpehus (ca 1600) frå Uppstad, eit loft, Ryningsloptet (truleg 1300-1400) og eit kvernhus (ca 1700) frå Nesland i Bykle.
Bykle kommune har vedlikehalde samlinga, men ingenting har vorte endra. Huldreheimen står som den gjorde då Raabe og Segelcke brukte den