BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design

Rygnestad og kulturlandskapet rundt er særs godt bevart, og er difor valt ut som eitt av 20 særskilt utvalde kulturlandskap i Noreg. Kvifor det er slik kan du sjå i denne velse nettutstillinga som viser gamle foto frå Rygnestad, som er fotograferte på nytt i 2009. Departementet har også ei eiga heimeside om Gamle kulturmarker i Valle.

I 1940 overtok Setesdalsmuseet gardstun med bygningar på gardsbruket Nordigard Nørdre Rygnestad. Tunet hadde då stått tomt sidan 1919. Rygnestadtunet er eit autentisk gardstun med stovehus, 2 loft, 1øe, stall, fjøs, sauefjøs, smie, badstove og kvernhus. Kvernhuset er einaste bygningen som er flytta til tunet.
   Det budde truleg folk på Rygnestad så tidleg som i vikingtida. Det er gjort gravfunn frå 900-talet. Farfar til segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540-1596) var den siste eigaren av heile Rygnestad-garden. Vonde-Åsmund arva halve Rygnestad etter far sin. Åsmund hadde dessutan fem andre gardar som han leigde bort til andre.
   Den eine av desse er kjend som bygningsmannen som sette opp stovehus og loft for Åsmund ca. 1590. Det er stovehuset som står på garden enno. Stova som no er "nystog", er omtrent på same tid tilført ei stove på andre sida. Denne, som framleis er årestove med gammal innreiing, har tømmer frå før svartedauden (1349-50). Kanskje er ho frå 1200-talet. Begge stovene i huset var årestover frå først av. Då var det svalgang framfor stovene.
   Kring 1800 vart stoga til høgre for inngangen ombygd til "nystog" med peis og skorstein. Dette gjorde det mogleg å byggje ein etasje oppå stoverommet. Bygningen blei høgare. Og for å utnytte gangen framfor det nye rommet i 2. høgda og få eitt møne på taket, blei også den gamle årestova bygd på i høgda. Nystog blei opphaldsrommet med lettare matlaging, medan gamlestog blei grovkjøkken. Senger var det framleis i alle romma.
   Gamleloftet i tre høgder blei bygd samstundes med stovehuset kring 1590. Det kan vi vite av at øvste høgda er bygd først. Denne lafta delen ligg på ei utkraging av dei lafta stokkane som opphavleg var dei øvste på veggen. Dette underlege påfunnet frå Vonde-Åsmund er truleg årsaka til at bygningsmannen ønskte å gå frå arbeidet før det var ferdig.
   Det gjekk truleg ikkje lang tid før ein utnytta volumet under dette loftsrommet med å byggje til to høgder under det. Desse to romma er ikkje lafta slik som lofta vanlegvis er, men reist i ein lettare konstruksjon. Både i stovehuset og loftet finn ein gjenbruk av gamle bygningsdelar som truleg er frå Nomeland stavkyrkje ved Valle. Stavkyrkja blei riven på denne tida. Både i første og andre høgda av "trihågloptet" er det veggfaste senger. Elles hadde loftet vanleg bruksmåte som matlager.

Folk framfor Rygnestadloptet
Nyelopt frå ca. 1590.

Vonde-Åsmund sette opp nyloftet. Det er også kjent som Rygnestadloftet. Loftet er stort og lafta av særs breie stokkar. Såleis trongst det berre ein stokk av for å gjere døropning til buret. Og bygningen er utførd i førsteklasses handverk. Første høgda av loftet, bursdelen, er til lagring av matvarer. Her er også ei solid seng.
   Andre høgda av loftet er til lagring av klede, tekstilar og finare gjenstandar. I svala på baksida er utbygg for ein do. Skikken med å byggje "løyndomar" i svalgangane blei først teken opp i byane for så å spreie seg til overklassen på landsbygda. Do i slike utbygg på svala var ikkje uvanlege i Noreg på 1500-talet. Men vi kjenner ikkje til andre døme i Setesdal.

Loptet med stakkar under taket.
I loptet heng bunadane under taket slik dei alltid har gjort.
  

Dei andre bygningane på tunet er i hovudsak frå 1800-talet. Uthusbygningane er plassert på line nedanfor stovehusa slik som det er vanleg i dalen. Skikken med å byggje ein bygning for kvar funksjon heldt seg mange stader i dalen heilt fram til andre verdskrigen. Slik ser ein det også tydeleg og typisk på Rygnestadtunet. Fjøs og sauefjøs er praktisk plasserte ved foruttaket i enden av 1øa.
   Løa fekk to "moderne" trekk like etter 1900. Det eine er at 1øa blei bygd på i høgda med køyrebru opp til ein låve. Men ein finn framleis den gamle døropninga inn til løa for innkast av for frå bakkenivå utanfor. Innanfor døra er den gamle låven med tett golv for handtresking av korn. Det andre moderne trekket med løa er at ho er blitt kompleks (samansett) ved at stallen blei sett inn under same taket som 1øa. Stallen er ein eigen lafta bygning som tidlegare har stått under eige tak. Det var eige geitefjøs på tunet til etter 1900.
   Kornet blei tørka i badstova før det blei malt i kvernhuset. Badstova blei også brukt til røyking av kjøt. Badstova står i utkanten av tunet like ovanfor gardssmia. Desse bygningane blei plassert litt borte frå dei andre husa på grunn av brannfaren ved elding i desse.
   Ein veit ikkje sikkert kva år Vonde-Åsmund Rygnestad blei født og når han døydde. - Men det var i tidsrommet 1540-1595. Han var ein av dei få skrivekunnige i si tid. Det er likevel personlegdomen hans som gjer at det er fleire skriftlege kjelder med tilknyting til han. Han er den mest kjende segnhelten i Setesdal.
   Åsmund var truleg ein av 20.000 soldatar som tente under den katolske spanskekongen Philip 2. for å s1å ned eit protestantisk og nasjonalistisk opprør i dei nederlandske statane. Denne nederlandske fridomskampen gjekk føre seg i tida 1567-1573. Det er truleg frå denne tenesta Åsmund hadde med seg heim fleire bilete måla med limfarge på lerret.
   I segnene heiter det fleire stader at Vonde-Åsmund blei stilt for retten pga. drap og andre lovbrot. Han synte ikkje respekt for retten og truga retten med øks eller kasta han ut av tingstova. Skriftlege kjelder syner at Åsmund seinare i livet fekk alle dei tillitsverva som det var mogleg for vanlege binder å få. Han blei lensmann, kyrkjeverje og lagrettemann. Det er også tydeleg at Åsmund måtte vere ein framståande person ved at han var val som utsending til Oslo då den dansk-norske kong Kristian 4. blei hylla til konge der i 1591. Men sjølv i 1592, medan Åsmund var kyrkjeverje, fortel ei stemming at han har fornærma presten.
   Forutan hovudbølet Rygnestad hadde Åsmund 2 andre gardar i Setesdal og 2 i Telemark. I 1613 hadde son til Åsmund følgjande buskap på Rygnestad: 1 hest, 6 kyr, 5 kviger, 3 spedkalvar, 3 geiter, 3 sommarkje, 8 sauer, 2 sommarlam og 2 grisar.
   Omfanget av gardsdrifta var ikkje så ulik nokre hundreår seinare, sjølv om garden då var delt i fleire bruk. I 1865 var det 1 hest, 10 kyr, 16 sauer, 9 geiter og 1 gris på Nordigard Rygnestad. Same året sådde ein ut 4 tønner (a 139 liter) bygg og 4 tønner poteter på bruket. Nordigard er i dag på 70 mål innmark (halvparten dyrka), 1140 må1 heimskog og kring 8000 mål hei.
   Museumstunet på Rygnestad er berre sjølve det gamle gardstunet til dette bruket. Det nye tunet på bruket ligg like nedanfor museet.

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS