OL-bygget, og heilt til høgre endenav Flatelandsstoga.
Morten Henriksens samling, eller Lislestog som tunet også er kalla, er ei samling med 11 tømmerbygningar og gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde her om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 60- og 70-talet. Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er her elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle kommune. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.