BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
Heile Rygnestadtunet frå bakkane nedforbi.

Frå v. uthus, våningshus, trihøgelopt og nyelopt på Rygnestad.

Nordigard Rygnestad er det mest særmerkte gardstunet i dalen. Det er eit autentisk gardstun der alle bygningane med unntak av kverna er bygde på staden. I den eldste delen av stogehuset er det brukt tømmer frå eit hus som må ha vorte sett opp ein gong før 1350, medan fjøset vart bygt så seint som på 1900-talet. Det budde folk i husa fram til 1919. Stogehuset og dei to lofta vart freda i 1923. Sidan 1940 har garden vore museum.
Rygnestad er eit rekkjetun med stogehus og loft i ei rekkje og uthusa i ei parallell rekkje framfor, slik ein ofte ser i Setesdal. Oppi skråninga ligg smia og badstoga. Badstoga vart og bruka til å tørke korn og røyke kjøt. Desse bygningane vart plasserte eit stykke unna dei andre bygningane på grunn av brannfaren.
Stogehuset lengst bak er på vanleg måte delt i to - gamlestog og nyestog. Stogehuset hadde opphavleg berre ei høgd og hadde då svalgang framfor. Andre høgda vart bygt på rundt 1800. Gamlestog er framleis ei årestoge, medan nyestog har vorte endra og har peis med skorstein.

Våningshusa på Rygnestad
Nyelopt fotografert frå gamlestog.

Våningshuset med trihøgelopt. Frå våningshuset mot nyelopt.

Det trihøge loftet ved sida av stogehuset er det einaste loftet med tre fulle høgder som er att i dalen. Konstruksjonen er heilt eineståande, mellom anna fordi tredje høgda vart bygd først! Tømmermannen let den øvste stokken på langveggen av nyestog, stavlægja, fortsette endå nokre meter ut i lause lufta. Oppå dette bygde han eit nytt lite hus; av somme tenkt som ein plass til å halde utkikk ifrå. Men børa vart sjølvsagt for tung, og taket på nyestog tok til å løfte seg. Då sette ein under dei lange stolpane som no held heile bygningen oppe. Ein av desse skriv seg truleg frå Nomeland stavkyrkje, som vart riven i tida kring reformasjonen. Seinare vart loftet stiva av med to høgder under. Dermed vart det "trihåglopt".
Litt lenger ned i bakken står det såkalla Rygnestadloftet, bygt av tømmer med uvanleg store dimensjonar. Tømmeret skal ha vorte henta i nærleiken. Lofta var alltid i to høgder, oftast til mat nede, tekstilar og andre husgeråd oppe. Rygnestadloftet er elles særmerkt ved at det er det einaste loftet i Setesdal som har do.

 

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS