BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design

blank design
blank design
blank design
blank design


Tveiten, med badstoge, våningshus og lopt.

 

I 1969 overtok museet gardstun med bygningar og 10 mål jord på Nordigard Tveiten. Området er seinare blitt kalla Tveitetunet. Garden var i si tid bustad for lensmann og eidsvollmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837), og vart i han stid brukt både som tingstad og arrest.
Olav Knutsson Tveiten er ein mann det er knytta mange soger til han. Det heiter at han erta ein av kongens menn då dei var på Eidsvoll, ein som dei kalla Famulus. På Eidsvolltunet var det så søylete, og dei hadde lagt ut plankar til å gå på mellom husa. Så møttest Olav og denne Famulus på plankane, og ingen av dei ville vike. "Makti lyt gjelde", sa Olav, treiv den andre i skuldrane, og løfta han ut i søyla.

 Knut Arne Rysstad og Birgit Anette helle

På Tveiten er det kvar sommar ei stor utstilling med brukskunst og kunsthandverk av ulike slag. I den samanheng er det og ulike arrangement. Bileta ovanfor vart teke av spelemann Knut Arne Rysstad og dansar Birgit Anette Helle på siste års Tveitestemne.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 



blank design blank design

Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no

blank design
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS