BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design
Gamle foto frå Setesdal

4 bilete frå samlinga etter august abrahamson

Setesdalsmuseet har ei rikhaldig samling med gamle bilete. Leitar du etter særskilde motiv, må du gjerne ta kontakt, og vi skal sjå om vi kan finne det du er ute etter. Museet har no fleire tusen digitaliserte bilete, og det vert arbeidd med å leggje den informasjonen som er kjent om kvart bilete inn på datafilene med tanke på å gjere dei søkbare på internett.

Setesdalsmuseet deltek i prosjektet Digitale Bilder Vest-Agder, og gjennom dette er det no mogeleg å søkje i den store biletsamlinga etter August Abrahamsson. Samlinga inneheld over 900 foto frå kring 1900-1915, og har svært høg teknisk kvalitet i tillegg til at fotografen også er svært dyktig. Søk på August Abrahamson, og du får alle bileta han har teke.

Bilete som kjem frå Setesdalsmuseet har museet sine initialar SET  som start på filnamnet. Du kan søkje på stader og innhald i biletet. Du vil også finnne bilete frå Setesdal frå andre samlingar. Eit godt tips då er å leggje inn søkeordet Køhn, som var ein  fotograf som arbeidde mykje i Setesdal tidleg på 1900-talet

Logg deg inn på Digitale Bilder Vest-Agder ved å klikke her .



blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS