|

Barberstokk frå Iveland (iv04051).
|
|

Sleggje frå Evje og Hornnes (ehm04002).
|
|

Loddar (tåhetter) frå Valle (s10411).
|
|

Vindekinne frå Bygland (by00882).
|
|

Kjevle frå Bykle (kb0062).
|
Setesdalsmuseet har samlingar i fem kommunar: Iveland, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Samlingane er fordelte på i alt 10 ulike
museumssignaturar som har opphavet sitt i museumsstrukturen i distriktet vårt før konsolideringa, dvs. før alle musea vart samla under namnet Setesdalsmuseet.
Statistikken pr 31.12.2007 syner at museet då hadde i alt nær 30000 kulturhistoriske gjenstandar, ikring 6400 mineralprøver og tett på 53000 foto. Ein stor del av desse gjenstandane er lagra i sentralbygget museet har på Rysstad, men det er også samlingar kring i kommunane. Som så mange andre museum slit også me med mangel på magasinplass, noko som fører med seg dårlege lagringstilhøve mange stader.
Grunnstamma i samlingane er ting frå den gamle bondekulturen. Det var det som var i fokus då museumsarbeidet byrja, og har hange som ein nasjonalromantisk merkelapp på dalen sett utafrå heilt opp til våre dagar.
Evje og Hornnes har i tillegg til dette også ei stor samling av mineralar av ulike slag, og det er verdfulle samlingar frå gruvedrifta som har vore i kommunen. Mykje inventar og utstyr frå det gamle apoteket på Evje er teke vare på, dei gamle grendeskulane er godt representerte, og på Evjemoen er det eit eige forsvarsmuseum.
Ser me på dei ulike kulturhistoriske samlingane med tanke på kommunane dei høyrer heime i, kan me setje opp desse tala:
Bykle 1124
Valle 13711
Bygland 4330
Evje og Hornnes 7573
Iveland 3033
DET ER MYKJE RART I SAMLINGANE.....