I kommunevåpenet til Iveland er det ei gruvehakke. Evje og Hornnes har valt vaggane som vart bruka til å køyre malm ut av gruvene med.
Sjølvsagt er det ikkje tilfeldig at desse gjenstandane er valde som kommunane sitt symbol. Frå Iveland/Evje-området er det kjent om lag 120 ulike mineral. Dei fleste kan ikkje utnyttast kommersielt, men frå dei mange smågruvene er det opp gjennom åra henta fram tonnevis med rein kvarts, feltspat og glimmer, og mindre mengder mineral som inneheld sjeldne grunnstoff.
Les meir om mineral og geologi i området.
For bønder med små gardar har mineralrikdommen vore ei svært viktig attåtnæring. Etter krigen har ikkje minst utvinning av "tannspat" gjeve gode inntekter; dvs. feltspat av særs høg kvalitet som vart nytta til å lage kunstige tenner.

Ved gruva på Flåt ca. 1910.
Det store gruveeventyret begynte då Flåt gruve vart opna i 1872, og etter kvart etablerte seg som Europas største nikkelgruve. I gruvene vart det henta fram nikkel- og koparmalm, som etter ei sortering vart sendt med taugbanen ned til smelteverket på Verksmoen.
For å smelte nikkelmalmen trong dei store mengder kvarts som det også var rikeleg av i området rundt Flåt. Kvarts har mange bruksområde.

Setesdalsbanen sitt sidespor inn på Verksmoen.
Produksjonen i Flåtgruvene vart etter kvart så stor at behovet for skikkeleg transport meldte seg med full tyngde. I 1896 kom Setesdalsbanen med eit sidespor inn til Verksmoen der nikkelmatta vart lasta for transport ned til Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand. Fram til endeleg nedlegging i april 1946, var Flåt gruver viktigaste arbeidsplassen i kommunen.
Det er hundrevis av små gruver og brot i heiane mellom Iveland og Evje. Etter at det vart slutt med drifta i Flåt, heldt dei der fram med drift etter kvarts og feltspat. Også andre sjeldne mineral vart henta fram i tiåra etter. I dag er det framleis drift etter "tannspat" i 2-3 gruver.
Vil du lese meir om dette emnet, vil vi gjere merksam på at band 5 i bygdesoga for Iveland som omhandlar gruvedrift. Også band 2 av kultursoga for Evje gjev brei plass til emnet. Dessutan er det gjeve ut eit par mindre hefte om Flåt gruver. Desse kan tingast ved å vende seg til sentralbordet i kommunane, eller til Setesdalsmuseet.
|
Mineral Evje og Hornnes museum
|
Geologiustilling Iveland kommunehus
|
Dessutan er det laga ganske omfattande utstillingar omkring emnet på Evje og Hornnes museum på Fennefoss, og Iveland kommunes mineralsamling.
Geologiinteressa blant bygdefolk er stor, og Setesdal Mineralmesse er eit arrangement som samlar mange menneske.
Den nye bruken av mineralrikdomen i nedre Setesdal, har vore å leggje til rette for besøk av mineralinteresserte frå inn og utland. I tillegg til museet si mineral-/geologiutstillinga i Evje og Hornnes museum på Fennefoss, kan du lære meir om mineralar og geologi ved m.a. å besøke desse stadene:
Evje Mineralsti Flåt gruve Mineralparken
Ivelandsgruvene Oddestemmen steinsliperi Beryllen