BYKLE
VALLE
BYGLAND
EVJE OG HORNNES
IVELAND
logo setesdalsmuseet
blank design
blank design
blank design blank design blank design blank design blank design




blank design
Drakt

Det som gjer setesdalsdrakta spesiell samanlikna med dei fleste andre - ved sida av å vere fargerik - er at ho også er ei av dei få norske draktene som har overlevd i ein ubroten tradisjon. Rett nok er det ingen i dag som brukar stakkar og dalebukser til kvardags, men overgangen til å vere eit festantrekk er ei direkte vidareføring av dei gamle drakttradisjonane. Difor er det utruleg mange måtar å kle seg og setje saman kledebunaden på. Vi finn variasjonar mellom dei ulike bygdene i dalen, og mellom dei ulike saumarane. Dei gamle brukte heller ikkje så mykje brodering på kleda som ein gjerne har i våre dagar.

Setesdalsdrakta vert bruka i dei tre kommunane Bykle, Valle og Bygland. Nedanfor Byglandsfjord budde "blåmennene" dei som laga kleda sine av blåtøy, det vil seie kjøpt tøy. I Iveland har dei henta fram att mykje av dei gamle drakttradisjonane.

I nord var dei påvirka frå Telemark, og der gjekk kvinnene i det som i dag vert kalla "Fjellgardsdrakt". Det var visse skilnader mellom dei ulike bygdene. Folk flytta frå grend til grend og tok med seg den drakttradisjonen dei var oppvaksne med.

  bunad fele 

Draktskikken i Setesdal er gamal, og kvinnedrakta har vorte bruka i omlag 300 år, frå slutten av 1700- talet. Mannskleda har skifta meir, dei var meir påverka av motane. Dalebuksa har vore i bruk omlag 150 år. Den eldste varianten av mannskleda som vi har att eit eksemplar av, er med felt bukse; ei knebukse som var plissert, lik bakstykket på den svarte stakken. Den gamle mannsbunaden.

Dalekleda som vi og seier, var i dagleg bruk til ut på 1960-talet. Då hadde det vorte meir og meir vanleg å kjøpe kleda, og drakta vart etterkvart berre bruka til kyrkje og høgtider. Setesdalsdrakta har levd i ubroten tradisjon fram til i dag. Difor er det store variasjonar i draktskikken. Desse "skilnadane" finn ein særleg i broderinga (løyesaumen).

Familie som sit heime og arbeider.

Folk laga kleda sine sjølve, og rundt om i heimane var det vanleg å halde på med tekstilarbeid utover kveldane. Skraddartimen kalla dei tida frå sola gladde til det var heilt mørkt og ein ikkje såg til å halde på med noko.

Tilsynelatande gjekk folk alltid kledde på den same måten. Men det var sjølvsagt slik at dei hadde noko tøy til kvardagsbruk og arbeid. Dei finaste buksene og den beste stakken var til kyrkjebruk og høgtider. Til bryllaupet fekk brura ein tredje stakk - ein raud - utanpå dei to andre, saman med brurelad og mykje sylv. Dei hadde ulike plagg å ta på for varmen si skuld, som blåkupte eller gråkupte.

 Frå 1870-åra.

 

Det var heller ingen ting som heitte barne- og ungdomsklede. Så snart det var praktisk mogeleg - dvs. når ungane kunne halde seg turre - fekk dei same kleda som dei vaksne.

 

 

 

 

 



blank design blank design
Setesdalsmuseet
Postboks 24
N-4748 Rysstad
Tlf.: (+47) 37 93 63 03
Faks: (+47) 37 93 63 23
post@setesdalsmuseet.no


blank design

Kontortid:
08.00 - 15.30 Mån - Fre

Opningstid utanom sesong:
10.00 - 15.00 Mån - Fre
og etter avtale



blank design

horn
Drikkehorn frå mellomalderen, Åmli i Valle
Etter tradisjonen kjem dette hornet frå ein av stutane som segnfiguren Mugge Byklum køyrde tømmeret med då han bygde Muggslopt i Bykle.

blank design

setesdal
Mufle frå Langeid i Bygland
Til setesdalsdrakta høyrer det med mange ulike plagg. Eitt av desse er muflane; fargerikt broderte vottar som nådde om lag midt på handa.

blank design

Ansvarleg redaktør:
Anna Stella Karlsdottir
Design: Kjetså Design AS Teknisk løysing: Nettkroken AS