Tunrekka med lopt, gamlestog (årestoge) og nyestog (med skorstein og vindauge).
Bygland Museum er eit friluftsmuseum med gamle gardsbygningar frå 1600-talet og framover. Museet ligg idyllisk ved fjorden like ved Glashytta, Brygga Café og badeplassen, og er veleigna for ein pause langs vegen.
Museet er ei samling bygningar som høyrer til i eit typisk setesdalstun. Våningshuset har to delar, gamlestog og nyestog, med ei forstoge i mellom. I tillegg finn ein loft og bur, stolpehus, løe og kvernhus ved bekken.
Gamlestog er eldst og er ei årestoge frå ca 1650. Stoga er frå Haugen i Åraksbø, men seinare flytta til Bygland og har tent som både banklokale og heradshus. I 1947 vart det kjøpt opp med tanke på å byggje opp eit museum.
Nyestog eller Heistadstoga er tidfest til 1743, og vart opphavleg bygt inntil den gamle. I den var det tregolv og omn med skorstein slik at ein kunne byggje to etasjar og slik få mykje betre plass.
Ved skulebesøk tenner vi gjerne opp i årestoga, steiker lappar og har eventyropplesing.
Løa er frå Ose og er bygd rundt 1650. Den har 3 rom som vanleg er: høyløe, treskjelåve og korngov. Kverna stod ved Nautedalsåne i Lauvdal og er frå 1700-talet. Same alder har stolpehuset, men dette stod som Gamlestog på Haugen i Åraksbø. Loftet kjem frå Skomedal og er også frå 1700-talet.