Dampbåten Bjoren


På turen gjennom Setesdal må du få med deg ein tur med den vedfyrte dampbåten Bjoren.
Lyst på ein chartertur med DS Bjoren?

For sommaren 2020 er det sett opp følgjande seglingsplan.

Sundag 21. juni kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 28. juni kl.11.00 Byglandsfjord

Onsdag 01. juli kl.11.00 Bygland

Sundag 05. juli kl.11.00 Bygland

Onsdag 08. juli kl.11.00 Bygland

Sundag 12. juli kl.11.00 Bygland

Onsdag 15. juli kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 19. juli kl.11.00 Byglandsfjord

Onsdag 22. juli kl.11.00 Byglandsfjord

Sundag 26. juli kl.11.00 Byglandsfjord

Onsdag 29. juli kl.11.00 Bygland

Sundag 02. august kl.11.00 Bygland

Onsdag 05. august kl.11.00 Bygland

Sundag 09. august kl.11.00 Bygland

Sundag 16. august kl.11.00 Byglandsfjord

 

Vi kan berre ha 25 personar ombord på kvar tur. Vi tek sikte på at vi kan køyre inntil 3 turar kvar dag vi køyrer. Turane er på 1 1/2 time.

Vert tur nr. 1 kl. 11 fullbooka, vert det sett opp ny tur kl. 13, og vidare ein ny tur kl. 15.

Billettar vert lagde ut på nettet der det vil gå fram kva for turar som er muleg å bestille på.

Vi håper for forståing for at det vert slik i år.

 

Dette er tilbodet om opne turar slik vi kan tilby i dag, men det kan verte endringar på grunn av vannstand m.m., returar mellom Byglandsfjord og Bygland, så kontakt oss gjerne og spør om det er mogeleg å bli med på tur.

I 1840-åra kom det veg som gjorde det mogeleg å køyre med hest og kjerre oppetter Setesdal. Då dampbåtane Bjoren og Dølen begynte å gå i 1867, vart transporten nok ein gong dramatisk forandra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald, begynte setesdølane meir og meir å handle i byane. Jernbane i 1896 (Setesdalsbanen til Byglandsfjord) og rutebilar frå 1920 berre forsterka utviklinga, og bidrog til at setesdølane vart ein meir integrert del av det norske samfunnet.

Bjoren har ikkje gått i rute sidan 1957. Etter tre tiår der det såg ut som den aldri ville kome på vatnet meir, vart den restaurert i 1994. I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigaste attraksjonane dalen har å tilby om sommaren, og er mykje brukt av så vel bygdefolk som gjester. Den har til og med vorte «cruisebåt»!

Båten kan chartrast av grupper på opptil 50 personar. Vi tek i mot grupper til firmatruar, familietreff, festivalar, bryllaup m.m. Det er gjeve løyve til skjenking av øl og vin, og anna servering kan bestillast etter avtale.

For folk flest har sundagsturane med start anten på Bygland eller på Byglandsfjord vorte svært populære. På forsommaren vert det sett opp segleplan med utfyllande informasjon slik at billettar kan bestillast i forkant.

DS Bjoren ligg til kai anten på Byglandsfjord eller ved Bygland museum.