Museum i Setesdal
Velkomen til ei hyggeleg museumsoppleving i Setesdal.
Setesdalsmuseet har avdelingar frå Hovden i nord til Iveland i sør.
Setesdalsmuseet på Rysstad er heilårsope, med tilgang for publikum kvardagar kl. 10-15.
Til Jernvinnemuseet på Hovden er det mogeleg å låne nøkkel på Hovden Turistinformasjon og gå på museumsbesøk på eiga hand.
Til andre anlegg er det utanom sesong muleg for grupper å kome inn etter avtale.