Sylvartun


Sølvsmeden er ikkje lenger på Sylvartun, men folkemusikken lever, og gjestene vert tekne med på ei kulturhistorisk reise inn i folkemusikken.

Sylvartun  er no stengt for sesongen 2021..

 

 

Folkemusikkmiljøet i Setesdal er på mange måter unikt med slåttespel på hardingfele og munnharpe, kveding og dans overlevert i ein ubroten tradisjon. Dei eldste utøvarane i dag lærde alt på gamlemåten - direkte av sambygdingar som var fødde på slutten av 1800 -talet.

I tillegg har musikk og dans gjennom lang tid vorte formidla gjennom utøvarar på eit svært høgt kunstnarleg nivå. Folkemusikken er eit av varemerka for Setesdal som folk har forventningar til når dei kjem til dalen.

Frå etableringa i 1961 til noko ut på 2000-talet, gjennom fire tiår, var Sylvartun den sentrale sylvsmed- og folkemusikkarenaen i Setesdal. Setesdalsmuseet har sett det som ei oppgåve å leggje til rette slik at Sylvartun på ny kan ta imot besøkande. Det er nye utstillinger med fokus på musikkinstrument og synleggjering av musikk- og dansetradisjonar i Setesdal men med stor overføringsverdi til områda rundt. Vi kallar det eit senter for immateriell kulturarv.

I tillegg til å vere ein utstillingsarena, er Sylvartun også eit aktivitetssenter og eit tilbod til barn og unge i heile dalen med tanke på å fremje immateriell kulturarv ma som øvingsarena for leikarringen, kulturskulen mm

Også en ideell stad for ein liten rast i vegkanten.

Relaterte objekter

< Hardingfele

Hardingfela er "nasjonalinstrumentet" i Setesdal.