Ny utstilling


I den handlingsborende kunnskaps and, vil vi i to år fremover presentere kulturberaran Annemor Sundbøs livsverk.
fredag 24. mai 2019
14:00
Setesdalsmuseet Rysstad

Foto: Eva Kylland

Med ein bakgrunn som kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar i vev og teikning har Annemor anda og levt for formidling og synleggjering av tekstilhandverk som i dag er døande.

Interessa for alt med ull å gjere, har gjort at Annemor har plukka opp mange løyse trådar. Flest trådar fann ho kanskje i fillehaugen som følgde med då ho overtok Torridal Tweed og Ulldynefabrikk i 1983. I fillehaugen med over 4000 strikkeplagg fann ho inspirasjon og tilfang til ei omfattande karriere innan ull og tekstilar.

Annemor som i år fyller 70 år, har gjennom livet sitt spunne og vove seg ein omfattande kunnskapsbank som vi håper å gi eit lite innblikk i her på Setesdalsmuseet i frå 24. mai 2019.