Den fantastiske poteten - en kulturhistorie


«Den fantastiske poteten – en kulturhistorie» har Marianne Berg kalla boka si. Og ei fantastisk bok vågar vi å kalle denne boka som på sett og vis er poteta sin kulturhistorie.
onsdag 24. november 2021
19:00
Setesdalsmuseet Rysstad
«Den fantastiske poteten – en kulturhistorie» har Marianne Berg kalla boka si. Og ei fantastisk bok vågar vi å kalle denne boka som på sett og vis er poteta sin kulturhistorie frå opphavet i Andesfjella til å vere kanskje den viktigaste matvara på norske middagsbord dei siste 200 åra. Om ein ikkje hadde anna så hadde ein iallfall poteter og smør å setje på bordet.
Setesdal er kjent for å vere noko tilbakehaldne med nye ting, men vi har skrifteleg belegg på at potetdyrking starta opp alt i 1760-åra. Berre nokre få år etter at den fyrst var teken i bruk her i landet.
Mange kjenner nok Marianne Berg frå før, ikkje minst som ei driftig vertinne på Sylvartun. Det er truleg ikkje like mange som veit at ho også er utdanna agronom, og ei tid var engelsklærar i Peru. Boka spenner difor temmeleg vidt med mykje kunnskap om utviklinga frå den tid poteta var ei villplante i peruansk høgfjell til i dag.
Boka har fått gode kritikkar som ei kulturhistorisk bok. Men også som «en av høstens definitivt mest interessante bokutgivelser innen mat og drikke» ifylgje mattidskriftet Aperitíf.
Til onsdag kjem Marianne Berg til Setesdalsmuseet for å presentere boka si, og gjeve oss ny kunnskap om ei svært viktig og interessant grønsak. Hallvard T. Bjørgum bidrar med musikalsk innslag, og kvelden vert avslutta med eplekake og kaffi.