Spelsau og samspel - "Eg fann, eg fann....."


Ein av vår tids fremste tekstilkunstnarar er Annemor Sundbø frå Kristiansand og Setesdal. No rundar ho 70 år, og Setesdalsmuseet markerer med stor utstilling.
24. mai - 01. oktober 2020
11:00

Foto: Eva Kylland

Med bakgrunn som kunsthandverkar, tekstildesignar og faglærar i vev og teikning har Annemor hatt eit brennande engsjement for dokumentasjon, formidling og synleggjering av tradisjoneldt tekstilhandverk. Mykje av dette har vore i ferd med å forsvinne for all ettertid.

Interessa for alt som har med ull å gjere, tok for alvor av då ho i 1983 overtok Torridal Tweed og Ulldynefabrikk. I fillehaugen med over 4000 strikkeplagg har ho funne inspirasjon og tilfang til å utføre eit omfattande arbeid med ull og tekstilar. Ho har reist verda rundt og fortalt om sine røynsler. Ein omfattande bokproduksjon er eit anna resultat, og fleire av bøkene hennar er oversette til engelsk.

Annemor som i år fyller 70 år, har opp gjennom åra bygt opp ei omfattande samling med godbitar frå forskjellige fillehaugar. Mange av desse vert stilte ut på Setesdalsmuseet frå 24. mai 2019.

Ope måndag- fredag 10.00 - 15.00.

Frå 24. juni dagleg kl. 11-17