Familiedag på Setesdalsmuseet


Ludo og badebombar på museet 24. mars
24. mars - 24. mars 2019
12:00
Setesdalsmuseet

 

Sundag 24. mars opnar Setesdalsmuseet dørene for barn og vaksne.

 

Denne dagen køyrer vi på med familievennlege aktivitetar som vil passe for dei fleste.

Barna  fær prøve seg på aktivitetar innan kjemi.

Vi skal nemleg lage små badeballar som luktar godt og som eksploderer når ein har dei i badevatnet.

Barna får sjølvsagt ta med seg det dei lagar.

 

Elles arrangerer vi eit lite Ludomeisterskap der vinnarrane får premiar.

 

Utstillingane er opne for publikum.

 

I kafeen kan ein få seg nysteikte vaflar og noko godt å drikke.

 

Museumsbutikken er også open og vi har nye varer i hyllene.

 

Det er gratis inngang.