Førpremiere: Setesdal - den levande arven


Velkomen til førpremiere av dokumentarserien Setesdal - den levande arven.
Kultur
laurdag 08. november 2025
14:00
Setesdalsmuseet

 


Serien blei filma våren 2024, regissert og skrive av Kristian Landmark, som har bakgrunn frå dokumentar, kortfilm og teater.

Serien utforskar levande tradisjonar frå Setesdal - frå folkemusikk og dans til handverk og soger - og viser korleis dette framleis lever i dag gjennom menneska som vernar om det. Ein perfekt arena for alle som vil forstå kva «levande arv» eigentleg betyr i praksis.

Det blir servering av setesdalsuppe ☺️
Alle velkomne! ⭐️