Sommarkonsertar Kulturpatrulja sommaren 2021


Også i år inviterer Visit Setesdal og Setesdalsmuseet til sommarkonsertar med unge utøvarar. Konsertane er i Bykle kyrkje og på Sylvartun
Konsert
01. juli - 06. august 2021
14:00
Bykle kyrkje og Sylvartun

Sommaren 2021

 

Grunna covid-19 viruset er Kulturpatrulja også i år organisert med konsertar på faste stader. Hovudarena er Sylvartun, der Setesdalsmuseet har utstillingar. Den andre arenaen er ved Bykle kyrkje.

Båe stader vert det inviterer vi til minikonsertar med unge lovande folkemusikererar.

Kvedarane Vetle Tveiten Hoslemo og Sigrid Kjetilsdotter Jore møter du i Bykle kyrkje. Vetle er velkjend for dei fleste med sin imponerande finaleplass i Norske Talenter for eit par år sidan.

Sigrid har delteke i Kulturpatrulja sidan starten, og er elles velkjend på konsertscenen.

 

Eldbjørg Trydal Rysstad er også kvedar, og har trass sin unge alder gjort seg bemerka på folkemusikkfestivalar og konsertar i fleire år. Eldbjørg har sine konsertar på Sylvartun.

Der treffer du også spelemannen Eivind Tanche-Larsen Knutsen. Han har vunne landskappleiken for munnharpe junior tre gonger, og fleire gode plasseringar på hardingfele.

 

Tid for konsertar:

Vetle Tveiten Hoslemo høyrer du i Bykle kyrkje følgjande dagar:

Kl. 14: 5.7, 7.7, 9.7, 2.8, 4.8
Kl. 16: 12.7, 19.7, 26.7, 28.7

Sigrid Kjetilsdotter Jore høyrer du i Bykle kyrkje følgjande dagar:

Kl. 14: 14.7, 21.7

Eldbjørg Trydal Rysstad høyrer du på Sylvartun (4 km nord for Rysstad) følgjande dagar:

Kl. 14: 1.7, 3,7, 13.7, 15.7, 16.7, 23.7, 30.7, 31.7, 3.8, 5.8, 6.8

 

Eivind Tanche-Larsen Knutsen spelar på Sylvartun (4 km nord for Rysstad) følgjande dagar:

Kl. 14: 20.7, 22.7, 27.7, 29.7