Sogekafé på Setesdalsmuseet


Samlingane med Sogekafé på Setesdalsmuseet startar opp att. Orienteringsmøte onsdag 16.1. kl. 19
onsdag 16. januar 2019
19:00

Sogekafé på Setesdalsmuseet

 

Informasjons- og orienteringsmøte på Setesdalsmuseet

onsdag 16. januar kl. 19

 

Sogekaféane som Friviligsentralen i Valle organiserte på Setesdalsmuseet vart veldig populære. Mange deltok, og ein del av det som vart fortalt vart teke opp for ettertida.

 

No har arbeidet kvilt eit års tid, og det er på tide å tenkje vidare om ein ønskjer å halde fram med dette. Vi treng nokon som kan tenkje seg å ha eit lite ansvar med organisering og innkalling til samlingar. Museet stiller lokale.

 

Vi ser au at det vil vere viktig at det som vert fortalt kan vidareformidlast i ein større samanheng, og har kontakt med Bjørn Enes i Memoar. Heimesida deira www.memoar.no vert innleidd på denne måten :

 

Memoar er ein norsk organisasjon for munnleg historie (oral history) som arbeider for å ta vare på og dela munnleg kjeldemateriale om vår tid.

 

Me samarbeider med frivillige og profesjonelle minnesamlarar i heile landet, historielag, kulturvern, musé, bibliotek og arkiv, forskarar og frilansarar.

Vårt syn er at alle har ei forteljing å dela -og at alle skal ha rett til gi forteljingar vidare til samtid og framtid !

 

Leiar i Memoar, Bjørn Enes, held kurs om korleis vi best gjer dette arbeidet. Dersom interessa er til stades, ønskjer vi å invitere han til kome ein gong i løpet av våren for å skulere oss.

 

Nokon som får/les denne meldinga var med då Bjørn Enes heldt foredrag under kappleiken i sommar, med påfølgjande minkikurs i kjellaren på museet. De veit kva vi snakkar om, og tilrå gjerne dette vidare til andre som kan vere interesserte.

 

Sondre Rua Dokken frå Fivilligsentralen vert og med på møtet, og vi håper mange av dykk har høve til å kome.

 

Er det spørsmål så kontakt Leonhard Jansen på Setesdalsmuseet tlf. 926 33 740 eller lbj@setesdalsmuseet.no .