Livet på garden


Gjennom denne omvisinga vil elevane bli betre kjende med livet på garden i gamle dagar. Vi vil snakke om dei ulike husa på tunet, og kva dei vart nytta til. Vi vil snakke om kven som budde på garden, og kva deira oppgåver var. Vi legg opp til dialog i omvisinga, og reflekterer over forskjellar mellom livet på den gamle garden og slik vi lever i dag. Gjennom omvisinga vil vi ved hjelp av enkle demonstrasjonar sjå på ulike reiskap som vart bruka. Elevane vil også få prøve ut nokre av arbeidssoppgåvene born kunne ha på den tida.


Målgruppe: 5. -7. trinn + 8. -10. trinn
Fag med kompetansemål: Samfunnsfag

”skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i.”
”skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise kor-leis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar.”
”Forklare teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgde av den industrielle revolusjonen.”

Stad: Bygland, Rygnestad, Iveland, Evje og Hornnes og Bykle