Bæ, bæ lille lam
Kvar kjem ulla frå, og korleis kan vi bruke ulla til sauen til å lage klede? Gjennom demonstrasjon vil vi vise korleis forskjelli-ge reiskap som sauesaks, kardar, handtein og strikkepinnar vert brukte. Alle vil få prøve å karde og spinne ull, og etterpå tove den ferdig karda ulla. Det er fint om ungane kan gjere seg kjende med songen: ”Kom skal vi klippe sauen” i forkant av be-søket.
Målgruppe: 1.- 4. trinn
Fag med kompetansemål: Kunst og handverk - ”lage enkle gjenstandar gjennom å strikke, veve, filte, sy, spikre og skru i ulike materialar.”
Stad: På skulen eller på Setesdalsmuseet på Rysstad.
Det er utarbeidd elevhefte til bruk på skulen.