Bygningsrådgjevar/-handverkar


Ved Setesdal bygningsvernsenter er det ledig stilling som bygningsrådgjevar/-handverkari ei 3-årig prosjektstilling

Bygningsrådgjevar/-handverkar Setesdal bygningsvernsenter - 3-årig prosjektstilling

Søknadsfrist: 2. desember

Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum.

Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.

Setesdalsmuseet er i dag ei ​​avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen.

Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto mm, og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.

 

Bygningsrådgjevar/-handverkar - 3-årig prosjektstilling.

Oppgåver

Setesdal har unike byggjetradisjonar, og det er ei viktig oppgåve å ivaretake bygningsarven gjennom restaurering, dokumentasjon, innhenting og formidling av handbor kunnskap.

Setesdals bygningsvernsenter har i dag to tilsette med handverkar- og rådgjevingskompetanse

 Vi ynskjer ein bygningsrådgjevar med praktisk og teoretisk kompetanse og erfaring.

Du skal samarbeide og vere rådgjevar når det gjeld både eigarar av antikvariske bygningar og forvaltninga.

 

Hovudoppgåver:

  • Ivareta rådgjeving i høve private eigarar
  • Skrive utredningar, rapportar og søknadar for bygningsvernsenteret
  • Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innan fagfeltet
  • Bidra til å utvikle bygningsvernsenteret som senter for rådgjeving og kompetanseheving
  • Praktisk restaureringsarbeid på verneverdige og freda bygningar
  • Vere med på å ivareta AAma sitt helsearbeid med bygningsvern

Ønskte kvalifikasjonar

  • Det er ulik kompetanse og fagbakgrunn som kan være interessert i denne stillinga. Fagbrev eller meir er ynskjeleg men relevant praktisk arbeidserfaring i tillegg er av interesse for oss.
  •  Utdanning innan bygningsvern, kulturminneforvaltning, arkitektur, eller anna kompetanse knytt til historisk trebebyggelse
  • Gode ​​datakunnskapar
  • Førarkort bil m/tilhengar (BE) og traktor (T)
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
    Personlege eigenskapar vert lagde vekt på
  • Vi kan tilby
  • Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar
  • Arbeidsfellesskap med mykje kompetanse
  • Moglegheit for kurs og kompetanseheving
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til Anna Stella Karlsdottir,

tlf.: 917 21 361, eller på e-post: ask@setesdalsmuseet.no 

Du søkjer på stillinga gjennom Jobbnorge.no

Jobbnorge-ID: 235034

Søknadsfrist: 2. desember