Dokumentasjon av bandvev
Gamle tradisjonar vert tekne var på for ettertida. Setesdalsmuseet dokumenterer beltevev.
Mange gamle tradisjonar er i ferd med å døy ut som allemannseige. Der det før var mange som kunne eit handverk, er det i dag berre nokre få att som kan kunsten.
Dei siste to vekene har May-Lis Flateland vore på Setesdalsmuseet og vist korleis ein vev belte og typleband (hårband) til Setesdalsdrakta. Kjell Einar Kana frå Kreativ Videproduksjon har rigga til eit heilt studio på museet, og kvar minste handgrep vert dokumentert for ettertida.
Fagkonsulent tekstil på Setesdalsmuseet, Randi G. Myrum, har det museumsfaglege ansvaret for dokumentasjonsprosjektet, som er ein lekk i arbeidet med immateriell kulturarv.