Ledig stilling som ansvarleg kaptein på DS Bjoren


Vi søkjer etter ansvarleg kaptein til DS Bjoren. Spennande jobb på ein av svært få vedfyrte dampbåtar som framleis eksisterer.

Setesdalsmuseet søkjer ansvarleg kaptein på dampbåten Bjoren

Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum. Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.

Setesdalsmuseet er i dag ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen. Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto m.m., og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.

 

Vi har ledig stilling som

50% stilling som ansvarleg kaptein på dampbåten Bjoren

Kapteinen vår ønskjer no å redusere sitt engasjement, og vi søkjer etter ny kaptein. Overføring av ansvar vil vere i 2021 etter avtale, men det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan deltake i førebuande arbeid for sesongen 2021.

Interesse for antikvariske båtar og fartøyvern er ein sjølvsagt fordel.

Søknadsfrist er 29. oktober

Spørsmål til stillinga kan rettast til avd.leiar for Setesdalsmuseet
Leonhard Jansen tlf. 926 33 740 eller mail lbj@setesdalsmuseet.no

 Hovudoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av seglingsplan.
  • Skaffe mannskap og ta imot bestillingar på charterturar
  • Setje opp vaktlister for segling
  • Tilsyn og vedlikehald av båten. Organisere dugnadsarbeid.
  • Klassing

 

For stillinga gjeld:

  • Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innanfor fagfeltet
  • Take del i andre oppgåver i tråd med museet sine strategi- og handlingsplanar.
  • Noko reising må påreknast. Førarkort er nødvendig
  • Personlege eigenskapar vert lagde vekt på
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Vere løysingsorientert
  • Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • God datakompetanse

 Anna

  • Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning gjennom KLP

 Kvalifikasjonar

  • Minimum kystskippersertifikat vert kravt
  • Erfaring frå maskin på båt ein fordel, men opplæring vil verte gjeve

Bed at referansar vert opplyst.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju. Attestar, vitnemål og sertifikat vert å leggje fram etter avtale.

Søknad sendast på mail til: post@setesdalsmuseet.no