Ledige stillingar


Lyst til å søke jobb på Setesdalsmuseet? No har du sjansen med fire ledige stillingar som skal fyllast!

Setesdalsmuseet søkjer etter nye medarbeidarar

 Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum. Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.

Setesdalsmuseet er i dag ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen. Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto m.m., og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.

 

Vi har fire stillingar ledige for snarleg tilsetting.

  • Samlingsforvaltar 100 % fast stilling
  • Fagansvarleg drakt og tekstil 100% fast stilling
  • Administrasjonskonsulent 100 % vikariat
  • Ansvarleg kaptein på DS Bjoren 50 % fast stilling

 

Søknadsfrist er 1. mars

 Spørsmål til stillingane kan rettast til avd.leiar for Setesdalsmuseet,

Leonhard Jansen tlf. 926 33 740 eller mail lbj@setesdalsmuseet.no

 

Søknad skal sendast inn på skjema på nettsida jobbnorge.no.

 For alle stillingane gjeld:

  • Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innanfor fagfeltet
  • Take del i andre oppgåver i tråd med museet sine strategi- og handlingsplanar.
  • Førarkort er nødvendig
  • Personlege eigenskapar vert lagde vekt på
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
  • Vere løysingsorientert
  • Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
  • God datakompetanse

 Anna

  • Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning gjennom KLP

 Sjå nedanfor for detaljar om stillingane

 

Samlingsforvaltar

 Hovudoppgåver

  • Mottak og registrering av gjenstandar
  • Magasinering og forvaltning av samlingane
  • Førebyggjande konservering
  • Utstillingsarbeid

 Kvalifikasjonar

  • Minimum bachelorgrad i museumsrelevante fag
  • Kjennskap til magasinforvaltning, og erfaring frå bruk av registreringsprogrammet Primus vil bli vektlagt.

 Søknadsskjema på jobbnorge: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/181822/samlingsforvaltar  

Jobbnorge-ID: 181822

 

Fagansvarleg drakt og tekstil

Hovudoppgåver

  • Forvalte, dokumentere og formidle museet sine tekstilsamlingar
  • Dokumentasjon av drakt og draktskikk brukt i kvardag og fest
  • Samarbeide med samlingsforvaltar i høve til registrering av tekstilar
  • Førebyggjande konservering
  • Utstillingsarbeid

Kvalifikasjonar

Mastergrad, bachelor eller fagbrev med fokus på tekstil-/ handverkarfag. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Erfaring frå tilsvarande arbeid, og gjennomføringsevne vil verte vektlagt.

 Søknaddskjema på jobbnorge:  https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/181856/fagansvarleg-drakt-og-tekstil 

Jobbnorge-ID: 181856 

 

Administrasjonskonsulent

Ved Aust-Agder museum og arkiv IKS avd. Setesdalsmuseet er det ledig 100% vikarstilling som administrasjonskonsulent, inntil eitt år. Stillinga har kontorplass på Rysstad.

 Hovudoppgåver

  • Arkiv, post og telefon
  • Økonomi
  • Statistikk
  • Personaloppgåver
  • Sekretærfunksjon
  • Kundeservice

 Ønskte kvalifikasjonar

  • Kvalifisert utdanning innan området økonomi og administrasjon

 Tilsetting 20 april

 Søknadsskjema på jobbnorge: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/181861/administrasjonskonsulent 

Jobbnorge-ID: 181861

 

50% stilling som ansvarleg kaptein på dampbåten Bjoren

Kapteinen vår ønskjer no å redusere sitt engasjement, og vi søkjer etter ny kaptein. Overføring av ansvar vil vere frå 2021, men det er ønskjeleg at den som vert tilsett kan take vakter på båten også sommaren 2020 for skuld opplæring.

Interesse for antikvariske båtar og fartøyvern er ein sjølvsagt fordel.

 Hovudoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av seglingsplan.
  • Skaffe mannskap og ta imot bestillingar på charterturar
  • Setje opp vaktlister for segling
  • Tilsyn og vedlikehald av båten. Organisere dugnadsarbeid
  • Klassing

 Ønskte kvalifikasjonar

  • Minimum kystskippersertifikat vert kravt
  • Erfaring frå maskin på båt ein fordel, men opplæring vil verte gjeve

Søknadsskjema på jobbnorge: https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/182070/ansvarleg-kaptein-paa-d-s-bjoren

 Jobbnorge-ID: 182070