Ledig stilling som museumspedagog
Setesdalsmuseet søkjer etter museumspedagog
Setesdalsmuseet vart stifta i 1938 som eit museum for dei tre øvste kommunane i Setesdal. Det er først og fremst eit kulturhistorisk museum. Til saman inviterer Setesdalsmuseet til besøk på 13 ulike arenaer; dei fleste berre sesongopne. Sjå www.setesdalsmuseet.no for meir informasjon.
Setesdalsmuseet er i dag ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv IKS. Setesdalsmuseet sitt administrasjonsbygg ligg på Rysstad, og er utgangspunkt for alle aktivitetar oppover og nedover dalen. Ut over dette forvaltar museet ei stor gjenstandssamling, foto m.m., og det er etablert eit bygningsvernsenter i nær tilknyting til museet.
Vi har ledig stilling som
- Museumspedagog
Setesdalsmuseet har ledig 100% fast stilling som museumspedagog for snarleg tilsetjing. Vi ønskjer oss ein kreativ, utadvent person med god formidlingsevne som trivst i møte med barn og ungdom.
Søknadsfrist er 29. oktober
Spørsmål til stillinga kan rettast til avd.leiar for Setesdalsmuseet,
Leonhard Jansen tlf. 926 33 740 eller mail lbj@setesdalsmuseet.no
Hovudoppgåver
- Utvikling, gjennomføring og vedlikehald av eit breitt spekter av formidlingstiltak/-prosjekt – utstillingar, digital formidling, arrangement m.m.
- Ivaretake ein god dialog med skular, barnehagar og andre institusjonar/organisasjonar
- Oppdateringa av heimeside/sosiale medier
- Klargjering/drift av eksterne museumanlegg, formidling, ansvar for sommarvertar
For stillinga gjeld:
- Samarbeid med ressurspersonar og andre institusjonar innanfor fagfeltet
- Take del i andre oppgåver i tråd med museet sine strategi- og handlingsplanar.
- Noko reising må påreknast. Førarkort er nødvendig
- Personlege eigenskapar vert lagde vekt på
- Evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- Vere løysingsorientert
- Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
- God datakompetanse
Anna
- Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar
- Løn etter avtale
- God pensjonsordning gjennom KLP
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning og fagleg kompetanse
- Kompetanse, erfaring og interesse for formidling og historie
Søknadsskjema på jobbnorge: https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/194478/museumspedagog
Jobbnorge-ID: 194478