Museumsvertar Bykle kyrkje


Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar til Bykle kyrkje/Lislestog for sommaren 2020. Søknadsfrist 7. juni.

Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar til Bykle kyrkje/Lislestog for sommaren 2020.

 

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

 

For museumsvertar i Bykle gjeld at jenter brukar kvit stakk. Vi oppmodar dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.

 

Er du interessert så send oss ein mail med opplysning om kva tidrom du kan arbeide.

 

Løn etter offentleg regulativ. Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03 eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

 

Søknad skal sendasttil post@setesdalsmuseet.no

 

Søknadsfrist: 7. juni 2020