Vi søkjer museumsvertar


Har du lyst på ein spennande sommarjobb? Setesdalsmuseet søkjer etter museumsvertar.

 

MUSEUMSVERTAR

Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestadtunet, Sentralbygget Rysstad, Sylvartun, Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2019.

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar/pensjonistar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk.

Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/ fleecejakke ) som skal brukast.

For museumsvertar i Bykle gjeld at jenter brukar kvit stakk. Vi oppmodar dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.

Relevante søkarar kan bli kontakta for intervju.

Det vil verte kalla inn til obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant.

Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommarsesongen vert prioriterte.

Løn etter offentleg regulativ.

 

Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03.

eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

Søknad, søknadsskjema med  CV, attestar og vitnemål skal sendast til :

Setesdalsmuseet Postboks 24 4748 Rysstad eller post@setesdalsmuseet.no

 

Søknadsfrist: 8.mars 2019

Søknadsskjema finn du her

Les mer