Museumsvertar 2021


Har du lyst på ein spennande sommarjobb? Setesdalsmuseet søkjer etter museumsvertar for sommaren 2021.

MUSEUMSVERTAR

Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestad museum, Rysstad, Sylvartun, Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Evje Mineralsti og Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2021.

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vertar med kunnskap og interesse for folkemusikk.

Setesdalsmuseet driftar også Evje mineralsti som ligg i lia nedanfor Flåt gruver. Er du interessert i mineralar og geologi, er dette ein spennande arbeidsplass.

Vanleg antrekk for museumsvertane er T-skjorte / fleecejakke med museet sin logo.

Vi oppmodar likevel dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. For museumsvertar i Bykle finst det stakkar som kan lånast ut. 

Relevant søkarar kan bli kontakta for intervju. Det vil verte kalla inn til ein dags obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant.

 

Utfylt søknadsskjema sendast til post@setesdalsmuseet.no innan 17. mars.