Museumsvertar sommaren 2023


Setesdalsmuseet søkjer etter museumsvertar for sommaren. Har du lyst til å bli med på laget?

MUSEUMSVERTAR

Aust-Agder museum og arkiv avd. Setesdalsmuseet skal engasjere museumsvertar ved museet sine avdelingar på Bykle kyrkje/Lislestog, Rygnestad museum, Sentralbygg Rysstad, Sylvartun, Bygland museum, Evje og Hornnes museum Fennefoss, Evjemoen Forsvarsmuseum, Evje Mineralsti og Iveland og Vegusdal Bygdemuseum for sommaren 2023. Avdelingane opnar 21. juni, og er opne fram til 15. august.

Arbeidet høver godt for serviceinnstilte skuleelevar/studentar med interesse for kultur og historie. Kjennskap til framandspråk, særleg engelsk, er nødvendig. Gjerne også tysk. Arbeidet som museumsvert er interessant og utfordrande, og gir verdifull praksis til seinare yrkesval. Arbeidet er variert, og museumsvertane vil også få ansvar for andre oppgåver når det er lite besøk.

Ved Sylvartun ynskjer vi å tilsetje vert med kunnskap og interesse for folkemusikk.

Er du interessert i mineralar og geologi, er Evje mineralsti ein spennande arbeidsplass.

Museet har antrekk for museumsvertane (T-skjorte/fleecejakke) som skal brukast.

For museumsvertar i dei øvste kommunane oppmodar me dei som vert tilsette og som har eigen bunad frå regionen om å bruke denne. Det vert gjeve ekstra godtgjersle for det.

Relevante søkarar vil bli kontakta.
Det vil verte kalle inn til en dags obligatorisk samling for å gi opplæring i forkant.

Søkjarar som kan arbeide på fleire avdelingar og store delar av sommarsesongen vert prioritert.

Museet kan vere behjelpeleg med å formidle kontakt dersom det skulle vere behov for leige av husvære.
Løn etter offentleg regulativ.
Nærare opplysningar får du på tlf. 37 93 63 03 eller på mail: post@setesdalsmuseet.no

Søknad, søknadsskjema med CV, attestar og vitnemål skal sendast til:
 post@setesdalsmuseet.no

Eller
Setesdalsmuseet
Setesdalsvegen 3273
4748 Rysstad

Søknadsfrist: 24. mars 2023