Museumsvertar sommaren 2024


Vi søker etter museumsvertar for våre tun i Setesdal! Vi ser frem til å høyre frå deg.

 

Vil du jobbe for Setesdalsmuseet i sommar? Vi søker vertar og guidar til museet på Rysstad og til fleire av våre museum og tun i dalen. Om du trivast med å vere gjestfri og imøtekomande overfor besøkande, har du sjansen til å få ein spennande og lærerik sommarjobb. Er du i tillegg nysgjerrig på folkemusikk, historie eller geologi, kan du verkeleg finne deg til rette hos oss.

 

Søk enkelt via Webcruiter

 

Søknadsfrist 10. mars 2024.