Vaktmeister på Setesdalsmuseet


Ved Setesdalsmuseet er det ledig vikariat i 100% stilling som vaktmeister med mogelegheiter til forlenging.

Vaktmeistar SETESDALSMUSEET

Søknadsfrist 24. januar 2019.
 
Aust-Agder museum og arkiv (AAma) blei etablert i 2015 då Aust-Agder kulturhistoriske senter IKS, Setesdalsmuseet IKS og Stiftelsen Grimstad bys museer blei slått saman. AAma har både arkiv- og museumsfunksjonar, og består av tre avdelingar som oppheld seg på tre administrative stader: Kuben i Arendal, Setesdalsmuseet på Rysstad og Sjøfartsmuseet i Aust-Agder i Grimstad.
 
Setesdalsmuseet- eit museum på langs. Frå Hovden i nord til Iveland i sør.
 
Om stillinga
Det er ledig vikariat for 2019 som vaktmeistar i 100% stilling med moglegheit for forlenging.
 
Arbeidsoppgåver
• Vedlikehald og tilsyn av museet sine bygg og anlegg.
• Praktisk tilrettelegging og opprydding i samband med arrangement
• Brannansvarleg
• Praktisk utstillingsarbeid
• Stillinga inneber også oppgåver innanfor bygningsvern
 
Ønskte kvalifikasjonar
Fagbrev innan byggfag og/eller handverkarfag. Lang erfaring kan kompensere for manglande formell kompetanse. Erfaring frå tilsvarande arbeid, og gjennomføringsevne vil bli vektlagt.
 
Førarkort klasse BE og T er nødvendig
 
Personlege eigenskaper
Har evne til sjølvstendig arbeid, prioritering og effektivitet
Er serviceinnstilt
Har gode evner til kommunikasjon og samhandling
Har anlegg for praktisk arbeid og er løysingsorientert
 
Vi kan tilby
Varierte og utfordrande oppgåver med sjølvstendig ansvar
Løn etter avtale
God pensjonsordning gjennom KLP
 
Spørsmål til stillinga kan rettast til leiar for Setesdalsmuseet,
Anna Stella Karlsdottir telefon 917 21 361
eller anna.stella.karlsdottir@setesdalsmuseet.no 
 
Søknad sendast innan 24, januar til post@setesdalsmuseet.no 
 
eller pr. post til Setesdalsmuseet
Postboks 24
4748 Rysstad