Bygland museum


Bygland museum; eit friluftsmuseum med eiga sandstrand og damskipsbryggje!

Bygland museum

er no stengt for i år.

 

Idéen om eit museum for Bygland oppstod då det gamle kommunehuset, som eigentleg var ei årestoge frå 1600-talet, skulle erstattast med eit nybygg i 1937. Etter kvart kom det også andre bygningar, og no står det eit heilt gardstun nede ved fjorden.

Årestogene har til vanleg tre rom. Slike gamle hus hadde berre eitt opphaldsrom, og der gjekk alt føre seg. Forskjellig handarbeid, koking og vasking, matstell, soving osv. Der vart folk fødde, og der døydde dei.

Midt på golvet er åren, eldstaden som har gjeve hustypen namn. I taket er det eit firkanta hol, ljoren, der røyken går ut og ljoset kjem inn. Ønskte ein meir ljos vart det tent lamper, eller tyristikker som dei festa på veggane.

På Bygland museum er dei gamle husa ramme for aktivitetar av ulike slag. Kvar sommar er museet arena for NM i Paragliding Akro med stor oppslutning. Bygland museum er også utgangspunkt for turar med dampbåten «Bjoren».

Museet ligg idyllisk ved fjorden like ved Bygland turistinformasjon, Brygga Café og ei flott sandstrand, og er veleigna for ein pause langs vegen.