Årskort
Opplev heile 40 museum og besøksstader i Agder
Med årskortet får du oppleve 40 museum og besøksstader i Agder – frå Flekkefjord i vest til Arendal i aust, og vidare oppover Setesdal.
Vi håpar at årskortet vil bidra til fleire besøk på musea og auka interesse for vår felles kulturhistorie.
Årskortet finst både i familieutgåve og for enkeltpersonar, og kostar høvesvis 900 og 500 kroner per kort – for eit heilt år med museumsopplevingar.
– Med det felles årskortet blir det enklare enn nokon gong å oppleve kulturarven i Agder. Vi håpar både fastbuande og tilreisande vil nytte seg av tilbodet og oppdage det store mangfaldet av museum i regionen. Årskortet synleggjer breidda og styrken i dei kulturhistoriske musea i Agder, seier John Olsen, direktør ved Vest-Agder-museet IKS.
Frå ullvare til kanon og hagebruk
KUBEN i Arendal og Kristiansand museum er kanskje dei mest kjende musea, men både Aust-Agder museum og arkiv og Vest-Agder-museet rommar mange andre spanande opplevingar.
Kva med å vitje ein freda ullvarefabrikk, eit dampskip som segla under begge verdskriger – eller verdas nest største landbaserte kanon?
Bli kjend med den maritime historia, hagebruk, bygningar og kunst frå mellomalderen – eller forfattarane Ibsen og Hamsun.
Musea er svært glade for å kunne presentere dette tilbodet, som berre er eitt av mange samarbeidsprosjekt mellom dei to museumsorganisasjonane.
Årskortet kan kjøpast på våre besøksstader, som KUBEN i Arendal, eller på nett. Kjøp årskortet her.
Praktisk informasjon:
– Årskortet er personleg
– Familiekortet gjeld for to vaksne og inntil tre barn
– Årskortet er gyldig i eitt år frå kjøpsdato
– Gyldig årskort må visast ved besøk
– Gratis inngang til dei fleste musea og utvalde arrangement
– Gjev ikkje inngang på Dampbåten Bjoren, Evje mineralsti og museumsskøyta MS Solstrand
– 50 prosent rabatt på tur/returbillett med Setesdalsbanen
Les meir om årskortet og sjå kva stader det gjeld for her.
Sjå også aama.no og vestagdermuseet.no for oppdatert informasjon om opningstider og arrangement.