Drakt


Setesdalsdrakta er ei av dei mest fargerike folkedraktene våre. Vi kan følgje tradisjonen for kvinnene over to hundre år tilbake i tid.

Det som gjer setesdalsdrakta spesiell samanlikna med dei fleste andre - ved sida av å vere fargerik - er at ho også er ei av dei få norske draktene som har overlevd i ein ubroten tradisjon. Rett nok er det ingen i dag som brukar stakkar og dalebukser til kvardags, men overgangen til å vere eit festantrekk er ei direkte vidareføring av dei gamle drakttradisjonane. Difor er det utruleg mange måtar å kle seg og setje saman kledebunaden på. Vi finn variasjonar mellom dei ulike bygdene i dalen, og mellom dei ulike saumarane. Dei gamle brukte heller ikkje så mykje brodering på kleda som ein gjerne har i våre dagar.

 

Setesdalsdrakta vert bruka i dei tre kommunane Bykle, Valle og Bygland. Nedanfor Byglandsfjord budde "blåmennene" dei som laga kleda sine av blåtøy, det vil seie kjøpt tøy. I Iveland har dei henta fram att mykje av dei gamle drakttradisjonane.

 

I nord var dei påvirka frå Telemark, og der gjekk kvinnene i det som i dag vert kalla "Fjellgardsdrakt". Det var visse skilnader mellom dei ulike bygdene. Folk flytta frå grend til grend, og tok med seg den drakttradisjonen dei var oppvaksne med.

 

Draktskikken i Setesdal er gamal, og kvinnedrakta har vorte bruka i omlag 300 år, frå slutten av 1700- talet. Mannskleda har skifta meir, dei var meir påverka av motane. Dalebuksa har vore i bruk omlag 150 år. Den eldste varianten av mannskleda som vi har att eit eksemplar av, er med felt bukse; ei knebukse som var plissert, lik bakstykket på den svarte stakken. Den gamle mannsbunaden.

 

Dalekleda som vi og seier, var i dagleg bruk til ut på 1960-talet. Då hadde det vorte meir og meir vanleg å kjøpe kleda, og drakta vart etterkvart berre bruka til kyrkje og høgtider. Setesdalsdrakta har levd i ubroten tradisjon fram til i dag. Difor er det store variasjonar i draktskikken. Desse "skilnadane" finn ein særleg i broderinga (løyesaumen).

 

Folk laga kleda sine sjølve, og rundt om i heimane var det vanleg å halde på med tekstilarbeid utover kveldane. Skraddartimen kalla dei tida frå sola gladde til det var heilt mørkt og ein ikkje såg til å halde på med noko.

 

Tilsynelatande gjekk folk alltid kledde på den same måten. Men det var sjølvsagt slik at dei hadde noko tøy til kvardagsbruk og arbeid. Dei finaste buksene og den beste stakken var til kyrkjebruk og høgtider. Til bryllaupet fekk brura ein tredje stakk - ein raud - utanpå dei to andre, saman med brurelad og mykje sylv. Dei hadde ulike plagg å ta på for varmen si skuld, som blåkupte eller gråkupte.