Byggjeskikk


Dei siste hundreåra har endra kulturlandskapet fullstendig. Mange av dei gamle bygningane er borte for godt. Ei viktig oppgåve er å take godt vare på dei vi framleis har.

Tradisjonen fortel at det for lenge sidan budde folk etter heile dalføret, innover i sidedalane og til og med på heia. Så kom pesten, svartedauden.

 

Og han herja så hardt, les vi i Gamalt or Sætesdal: Heile dalen mestom låg i øydet. På Bykleheiane levde fire menneskje etter.

 

Folketalet i sjølve Valle kan ha lege på over tusen før nedgangstidene kom, og var på det minste nede i underkant av 200. Slik var det truleg i alle grendene.

 

Om gard og grunn i det heile teke vart driven vidare, var det gjerne med ein bonde der det før hadde vore både fire og fem. Mange hus stod tomme, og når nokon trong tømmerstokkar til utbetring av husa dei budde i, var det lettare å take dei frå eit tomt hus enn å gå i skogen og leite etter nye. I Setesdal er det ingen hus som er datert til 1400-talet.

 

Nokre av dei gamle husa er tekne vare på, og det eldste daterte er Haugenloftet i Åraksbø der tømmerstokkane er hogd i åra 1217-18. Det betyr at dei var ganske store den tid Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike på 800-talet, og faktisk før laftetradisjonen var komen til dalen.

 

Stokkane har mykje av tømmeret si form, dvs. runde. Også sjølve laftehogget har sitt særpreg. Det vert kalla finndalslaft og er eit underhalslaft med små kinningar. Nyare dateringsmetodar som dendrokronologi har bekrefta at denne lafteteknikken vart brukt på dei eldste laftebygningane, og at det ikkje er døme på dette etter Svartedauden. Altså etter 1350.

 

I mest to hundre år stod folketalet stille. Så tok det på ny til å røre på seg, og folk trong hus. I skogen stod det tre som hadde vakse og vakse. Tilgangen på store tømmerstokkar var så rikeleg at det utvikla seg ein mote med storvakse tømmer som vart fint forma til. Dei vart gjorde tilnærma like i båe endar. Dei vart magetelgde, dvs. gjort ovale med – og dekorert med vakre profilar og av og til også utskjeringar. Dei brukte eit nytt laftehogg – raulandslaftet – som er eit midthalslaft og med kinning berre oppe. Vi ser det mellom anna på Rygnestadloftet.

 

Kvaliteten på dette tømmeret er eineståande. Jamn vekst, store dimensjonar, og god utmalming gjev ein kvalitet og ei holdbarheit som manglar sidestykke

 

Frå slutten av 1500-talet var tømmer også ei salsvare, og mange gilde stokkar vart flota den lange vegen til utskipinghamna ved kysten, og derfrå til eit eller anna byggjeprosjekt på kontinentet.

 

Etter kvart som dei store dimensjonane vart vanskelegare å få tak i, vart det frå slutten av 1700-talet teke i bruk endå eit laftehogg. Tømmerstokkane var mindre, men framleis talar vi om eit midhalslaft; denne gong med kinning over og under.

 

Noko av det som fasinerer med laftebygg er at det er som byggeklossar ein kan take ned og setje opp att. Difor kan ein i nokre bygg finne ei god blanding av gamalt og nytt tømmer. Nokre gonger viser dette tydeleg i form av merke i tømmeret, andre gonger er det vanskelegare å finne ut fordi stokken er avlepta, dvs. gjort kortare ved at det gamle laftehogget er kutta av og erstatta av eit nytt. Mange svært gamle hus er flytta opp til fleire gonger.

 

Av gamle brev forstår vi at gardstun som i dag står for seg sjølve, i si tid var del av fellestun der fleire bygningar har stått ganske nær kvarandre. Nokre stader vert det fortalt at dei stod i sval, dvs. i ei lang rekkje etter kvarandre. Andre stader talar vi om parallelltun og vinkeltun. Felles for dei alle er at plasseringa er nøye tilpassa landskapet; ikkje minst med tanke på at hevdesiget, den ufyselege væska som alltid vil renne ut av ein gjødselhaug, får renne vekk frå tunet.

 

Eigentleg har vi mykje å lære av dei gamle setesdølane om korleis hus skal plasserast.

 

Husa på garden

 

Våningshuset

Vi kjem først inn i gangen - forstoga. Under taket er det bordkledt. Golvet ligg noko høgare enn grunnen utafor så vatnet ikkje renn inn. Døra er til vanleg enkel; av og til pynta med solsymbol, av og til påmåla tjørekrossar så vonde makter skal halde seg ute.

 

Dørstokken er høg, og døra låg. Dette hadde ikkje som føremål å gjere det vanskeleg for uvelkomne gjester. Grunnen var at vêr og vind skulle haldast ute, og veggene vart sterkare når ikkje så mange stokkar var avhogne.

 

Stoga vi kjem inn i er utan vindauger. Berre nedste 4‑5 omgangane med tømmerstokkar er kvitskura. Resten av veggene og taket er svart av sot. Einaste ljoset kjem frå eit glugg i taket, ”ljoren”.

 

Midt på jordgolvet står ”åren” - eldstaden. Når dei fyrte, vart ljoren opna med ei lang stang ‑ ”ljorestanga” ‑ for å sleppe ut røyken. Døra laut stå oppe for å få rette trekken. Mykje av varmen reiste då saman med røyken.

 

Årestogene er ikkje så mørke som ein kunne tru. I godvêr kunne døra stå oppe, og då slapp det inn ljos frå den kanten. Ljoren var det som gav mest ljos. Åren var au ei ljoskjelde, men det var uråd å fyre heile kvelden. På veggene finn vi difor ofte små hol og sviemerke etter lamper og tyristikker som lyste i mørke haust‑ og vinterkveldar.

 

Romantikken vi i dag møter i dei gamle årestogene, var det lite av den tid dei var i bruk: ”En saadan Stue kan aldrig være varm om Vinteren, eftersom Døren altid maa staae aaben, paa det at Røgen kan drives fra Stuen op igjennem Aabningen paa Taget, saa at omendskjøndt man haver den største Ild antændt, og man ved Ilden kan brænde sig paa den ene Side, naar man sidder omkring Aaren paa de omstaaende Krakker, hvor Beboerne gjerne sidde i en Firkant; saa kan man dog ikke andet end fryse paa den anden Side, og altsaa umuelig holde sig varm, uden at tale om, at den idelige Røg meget besværer”.

 

Det siste romet vi kjem til er klaven. Han er dela frå gangen med ein skiljevegg av liggjande bord. Eit lite glugg på baksida slepper inn ørlite ljos. Dette var ein stad dei sette koppar og kar av ulike slag. Frå klaven var det trapp opp på ”forstogtrevet”. Trappa var hola ut av ein einaste stor stokk. Her kunne dei slengje av ting som dei ikkje ville ha slengande rundt føtene.

 

 

Nyestog

Frå slutten av 1800-talet hadde dei fleste gardsbruka danna tun slik dei ligg den dag i dag, med jorda samla i store teigar skilde frå kvarandre med lange steingjerde. Våningshusa var også mykje forandra frå det dei hadde vore eit par hundreår tidlegare.

 

Utviklinga hadde gått i tre eller fire steg: først gamlestoge, så ei nyestoge bygd inntil den gamle. Deretter kom påbygging til to etasjar i ein eller to omgangar.

 

Glasstogene (hus med vindauge) kom sist på 1600talet. «Nyestog», som bygningen vart kalla, vart sett inntil årestoga (- som då vart «gamlestog»). Når det ikkje passa plent saman, kunne ein tette til med bordkledning for ikkje å sleppe snø og vind rett inn.

 

Vindauga, glaset som har gjeve stoga namn, var det berre eitt av eit heilt bel framover. Åren, som hadde plassen sin midt på golvet i gamlestog, vart flytta til ei kro. I staden for ljoreglugg kom det skorstein, men enno var det ikkje vanleg å byggje i to etasjar.

 

Det kom i 1770-åra, då moten var at «de mest Formuende» sette seg opp nyestoger «med Loft ovenpaa, tillige med Skorstene i, som paa andre steder ere brugelige; ja, nogen faae have og anskaffet sig Kakkelovne i same». Gjellebøl, som fortel dette, legg til at gamlestogene framleis var dei mest vanlege.

 

Frå då og fram til midt på 1800talet kom det toetasjars nyestoger på dei fleste bruk, med gamlestog i ein etasje ståande ved sida.

 

Somme, kanskje helst dei som ikkje trong så mykje plass, valde ei anna løysing med å «modernisere» gamlestog, dvs. at nokre nye rundar med tømmertokkar vart lagde på for å gjeve rom til to etasjar, og det vart hogge ut opning til eit vindauge fram mot tunet. Slike «halve» hus med forstoge, stoge og loft var likevel ikkje det vanlege.

 

Siste steget fall saman med utskiftingane. Dei gamlestogene som framleis stod urørde vart påbygde dei stokkane som mangla for å gjere dei like høge som nyestogene, og det vart sett inn skorstein og vindauge der også. Alt kom under eitt tak. Loftet, som før hadde hatt eine gavlveggen vendt fram mot tunet, vart snudd og kom under same tak som våningshuset. Dei meir velståande kosta endåtil på ytrekledning og måling.

 

Nyestogene er som hovudregel alltid møblerte etter eit visst mønster, med «skåp og kvile» mot bakveggen, bord og langekrakk ståande mot møneveggen, og åren i hjørnet mellom gangen og framveggen.

 

Dermed har vi utviklinga av våningshuset omtrent fram til slik dei står i dag. Sjølv om berre dei færraste har ståande att «skåp og kvile» i stoga, har vi framleis att nok til ein grundig dokumentasjon av den gamle byggjeskikken vår.

 

 

Stolphuset

”Når ein mann kjem yver ein annan i buret sitt, og han har laga seg byrd der av gods og klæde, då kann han drepa den mannen, um han vil”, står det i Gulatingslova.

 

Desse setningane fortel kanskje meir enn andre om kor viktig buret var i gamal tid. Forrådshushald, som var det vanlege heilt opp mot vår tid, hadde som føresetnad at folk samla det dei trong av mat for vinteren gjennom nokre travle sommar‑ og haustmånader. Vart noko av dette stole, eller endå verre at alt brann opp, kunne det få alvorlege fylgjer for hushaldet.

 

”Stolphus” er nemninga vi her i dalen har på buret. ”Stabbur” seier dei mange andre stader. Namnet kjem av at bygningen står på stolpar, gjerne med ein krage på, slik at myser og andre skadedyr ikkje så lett skal kome til. Av lovteksta ovafor skjønar vi at ein i gamal tid hadde både mat og klede i buret. I nyare tid vart stolphuset bruka likeins som bursdelen av loptet; til lagring av korn, mjøl, kjøt, flatbrød, smør og ost. Her stod holkar og kjer, og på veggene hang ulike reiskap dei trong i det daglege.

 

Det er her i dalen ikkje kjent stolphus eldre enn frå andre halvdel av 1600-talet. Om dei greidde seg utan såvorne hus før den tid, skal vere usagt, men mellom andre Gisle Midttun er inne på at stolphusi kan ha kome i staden for loptet på gardsbruk der den bygningen hadde vorte om inkje i nedgangstida. Han fortel vidare at det finst liknande bygningar i Vest‑Telemark, truleg noko eldre som type, som kan ha vore opphavet til stolphusa.

 

 

Loft og bur

I Setesdal er det framleis fleire loft eldre enn 1350. Truleg var dei fyrste lofta oppsette seinare enn dei andre bygningane vi har vore inne på. Men på 1600-talet vert det, som fortalt lenger oppe, nemnt ”Fynd‑lofftir” som alt då skulle vere mange hundre år gamle.

 

Under lofta er ein mur, og dei trikanta syllsokkane - bunnstokkane - kviler på hornsteinar som er ein del av denne. Dei vanlegaste lofta er sette opp av store, magetelgde stokkar som nokre stader, mellom anna på Rygnestad, nærmar seg meteren i tverrmål. Dei to øvste stokkane i buret, ”skakstokkane”, er noko lenger, og på dei kviler svala.

 

Der svala er smal, ser vi jamt at skakstokkane er skorne slik at det vert ein rund boge frå veggen og ut under svala. Var svala brei, måtte det meir berekraft til, og båe skakstokkane går heilt ut. På desse kan vi ofte sjå små utskorne blad eller anna pynt.

 

Lofta forandrar seg noko ettersom vi reiser opp‑ eller nedetter dalen. I Bykle var sambandet med Telemark nært, og særleg i øvre delen har fleire av lofta fått telemarkspreg.

 

Grunnplanet i lofta er alltid tilnærma firkanta 4 x 4 meter. Sidan det ikkje skulle fyrast i desse bygningane, var det mogleg å byggje i to etasjar ‑ bur og loft. Det er berre svala, som frå gamalt gjekk rundt på alle fire sidene, som gjer at loftsdelen ser større ut. Trappa, som går utvendig på buret og opp i svala, er hogd ut av ein einaste stor stokk. Før var det jamt ei grind i trappa så geitene ikkje skulle kome opp.

 

Bursdelen var berre til mat. Mest alt dei trong for vinteren vart lagt inn her ‑ kornmat, kjøt og anna. Alt måtte vere musefritt så langt råd var.

 

Loftet var til klede. På ”vendene” ‑ staurar som gjekk frå vegg til vegg oppunder taket ‑ hang stakkar, bukser og sengetøy. Slikt låg òg i dei mange kistene langs veggene. Mindre kledeplagg hadde dei oftast i øskjer, det same med sølvet. Loftet var dessutan sikraste staden å ha papir og gamle dokument, musefritt som det var der og utan eldstad.

 

Vidare var det ein sovestad. Det var vel helst sommarstid at loptet var ein god stad å sove. Vinterstid var nok fjøstrevet å føretrekkje, men det heiter at dei sov i loftet då au.

 

 

Løa

På gardane fanst det mange bygningar til ulik bruk. Det var gjerne ein eigen bygning til kvart dyreslag, og det høyrde til «spesialhus» som kvern, smie og badstoge.

 

Den vanlege løa var ei «parløe» med eit treskegolv på midten, høyløe på ei side og kornløe på andre. (Husk på at mykje av fôret vart henta frå heia om vinteren. Dei trong difor ikkje hus til alt høyet heime på garden.)

 

Dei eldste løene var i ein etasje, og difor var det ikkje låvetrapp. Dei tok korn og høy inn gjennom døra til treskelåven. På langveggene er det andre dører som dei bruka til å take avlinga ut gjennom. Desse står lågare på veggen, og var greie å bruke når dei skulle gjeve høy til dyra.

 

 

 

 

Fjøs og andre uthus

Etter utskiftingane kom det enkeltståande tun spreidde rundt i kulturlandskapet. I mellom kom bygningar som av ulike grunnar alltid hadde lege noko vekk frå tunet. Eini tenkjer då på badstoge og smie, som på grunn av eldsfaren ikkje måtte stå for nær. Kvernhusa måtte setjast opp der det var vatn, altså i bekker og elvar. Små høybuer, av same slag som dei hadde på heia, stod nokre stader i utkanten av slåtteteigane.

 

Sommarfjøsa, eller «vårfjøsa» som namnet er her, stod oppe i bakkane der det var for langt å drive kyrne heim for kvelden når dei gjekk på beite vår og haust. Sauer, geiter og kyr laut stå inne til gjetarane kom tilbake neste dag. Vårfjos er forresten noko som høyrer berre ein del av bygdene våre til. Mest vanleg var det i sjølve vallebygda.

 

Vi er ikkje plent sikre på korleis dei gamle fjøsa såg ut, men truleg vart dei bygde på same måten som dei vi kjenner frå sist på 1800-talet. På grunn av væte og lort var dei meir utsette for råte enn andre hus på garden, og vart aldri veldig gamle.

 

Ein reknar med at dei eldste fjøsa ikkje stod for seg sjølve, men i rekkje med dei andre uthusbygningane.

 

Inne var det båsar på båe sider, og i enden var det dela av «talle» til sauer og geiter. I taket var det ljore til å sleppe inn ljoset. Dei eldste fjøsa hadde au åre midt i romet til bruk når dei «tøyste», dvs. laga varm drikke (med agner i) for dyra.

 

Fjøset var elles ein stad der folk oppheldt seg mykje, ikkje minst fordi det kom så god ein varme frå dyra. «Når det kolna, sat dei på fjostrevet ‑ på «lemen» som dei stundom sa. Der spann dei, der sat dei med saum og anna kvennmannarbeid, der las dei um sundagane, og der lærde dei seg upp til å fela ‑ tok dei ljorefjøli av, vart der ljosare der enn i stoga.»

 

Det var også vanleg at ungdomen sov i fjoset. Der var det ein god varme, men sengekleda vart fuktige av fjøsvarmen, og det var jo ikkje fritt for at det lukta ganske så surt. Vi får likevel eit godt bilete av korleis folk levde i nærkontakt med kvarandre og med husdyra.

 

Til og med matstell vart gjort i fjoset. Når dyra var ute på beite, og alt var pussa og reingjort til sommaren, var det ikkje uvanleg at dei sette seg til med flatbrødbaking der.

 

For eit snautt hundreår sidan hadde det vorte vanleg å byggje fjøs og løe endå meir saman. Ikkje sjeldan låg fjøset under løa. Ljoren var bytt ut med eit lite vindaugsglas, og eldstaden flytta til ei kro. Hesten var nokre gonger inne i fjøset, men det vanlege var framleis å ha han for seg sjølv i ein eigen stall framme i tunet.

 

Utviklinga gjekk elles mot to bygningar i kvart tun ‑ våningshus og loft som ein bygning, og løe og husdyrrom samla i den andre. Planløysingane vart nokså varierande for uthusa, frå å samle alt under eitt tak til å byggje husdyrromma som utvekster på løekroppen.

 

Meir allment vart løene etter kvart ombygde til to etasjar, og det trongst låvebru for å kome oppå «trandlan» eller låvegolvet. Fyrste gongen vi høyrer om ei låvebru er då prestegardsløa i Valle vart ombygd i 1872. Nokre, men ikkje mange, kosta endåtil på seg ein eigen kum til å samle gjødsla i. Det var i samsvar med det dei omreisande agronomane anbefalte.

 

Moderne, raudmåla uthusbygningar i reisverk og med alt under eitt bølgjeblekktak, med støypte gjødselkjellarar og vindauger i kvart rom, må vi ut i trettiåra for å finne. Men dei gamle uthusa er mange stader i bruk den dag i dag; løene mest som dei alltid har vore, fjøsa i regelen mykje ombygde og med innlagt vatn og elektrisk ljos.