Om museet
Setesdalsmuseet har ei 100 år gamal historie. Setesdalskulturen var velkjend, men så langt hadde filosofien vore å hente ut mest muleg av det beste dalen hadde å by på, og vise det fram i byane. I 1916 vart det etter initiativ frå lensmann Juel Lund og kunstmålar Lars Osa kjøpt ei gamal røykstoge som første steg på vegen mot eit museum for Setesdal. Sjølve stifttinga fann ikkje stad før 9. juni 1938.
Nordigard Rygnestad, garden der segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad budde på 1500-talet, var den fyrste museumsavdelinga som opna for publikum. Det er den dag i dag det mest spesielle av museumstuna i dalen.
På den tid skulle kvar kommune ha sitt eige museum, og med åra kom det fleire museum, slik at Setesdalsmuseet i 2017 inviterer publikum på besøk til 13 ulike arenaer. Mellom desse reknar vi også Bykle kyrkje og den vedfyrte dampbåten DS Bjoren.
I 2005 vart alle musea i Setesdal knytta saman under ein paraply som eit konsolidert museum for regionen. I 2015 vart dei fleste musea i Aust-Agder samla under ein museumsparaply under namnet Aust-Agder museum og arkiv.
Setesdalsmuseet er først og fremst eit kulturhistorisk museum, men som den einaste verksemda i sitt slag i Setesdal, er det naturleg at ein som ein kulturinstitusjon også tek utvida ansvar. Mellom anna har avdelinga på Evje eit særleg fokus på geologien i nedre del av Setesdal.
På Sylvartun i Valle kommune, er ein igang med å byggje opp eit senter for immateriell kulturarv med fokus på folkemusikk, dans og kveding. Ein prosess med å få folkemusikkarven i Setesdal inn på UNESCOS verdensarvliste er godt i gang, og alt ligg til rette for eit positivt vedtak i Paris i løpet av 2018.
For folk som besøkte Setesdal, kjendest det nok mange ganger ut som om tida hadde stått stille til langt ut på 1900-talet. I kulturlandskapet låg det framleis mykje stein som gjorde det tungvint å bruke større hestereiskap. Dialekten var vanskeleg å forstå, og folk flest gjekk i tradisjonelle klede. Mannfolka i lange bukser og kvinnene i korte stakkar; båe delar rikt dekorerte med broderi.
Arbeidslivet var på mange måtar tradisjonelt, og tilpassa eit tempo som i dag ville vore umogeleg å forhalde seg til. Mellom anna vart mykje av fôret til dyra sanka på fjellet om sommaren, og frakta til gards med slede om vinteren. Det gjekk gjerne ein dag til kvart lass, og ein vanleg bonde måtte rekne med fleire turar til fjell kvar veke om husdyra skulle ha nok mat.