Skuletilbud
Vi på Setesdalsmuseet ønskjer barn og unge velkomne til anlegga våre.
Alle opplegg museet tilbyr er gratis for skular og barnehagar.
Opplegga er tenkte som supplement til den vanlege skuleundervisninga,
og er ut-arbeidde med Kunnskapsløftet i tankane.
Det er lagt fokus på å nå mål som er formulerte i læreplanane.
Kontakt oss i god tid før om de vil bestille opplegg,
så er det størst sjanse for å få det tidspunktet som passar dykk best.
Om skulen held på med tema/prosjekt innanfor nokon av museet sine fagfelt så ta gjerne kontakt.
Er det det mogleg for oss å bidra så gjer vi det.

"Slå på ringen" og "Siste par ut". Mange av dei gamle leikane er i ferd med å forsvinne. Vi kan dei framleis på Setesdalsmuseet!
Setesdalsbunaden er ein av dei vakraste i landet. Bli med og kle deg opp som ein ekte setesdøl.