Bykle kyrkje


Rosemalte kyrkjer er det ikkje mange av, og med sine knapt 70 m2 er Bykle kyrkje frå ca. 1620 i tillegg ei av dei minste vi har her i landet.

 

 

Bykle kyrkje er no stengt for sesongen.

Første gongen vi høyrer om Bykle kyrkje er i 1327 i forbindelse med at paven forsøkte å krevje inn ein ubetalt skatt frå 1274. Den kyrkja var ganske sikkert ei stavkyrkje. Slik ho står i dag er ho bygd kring 1620, og er utan samanlikning den mest spesielle kyrkja i Setesdal.

Kyrkja er bygd av runde, velforma tømmerstokkar, og sett opp på ei tid då det var vanleg at folk stod under gudstenesta. Ho fekk si noverande form etter ei grunnig restaurering rett etter år 1800.

Køyreveg til Bykle kom så seint som i 1879. Fram til då var det ei lang reise også for presten i Valle, og den livsfarlege Byklestigen ein kneik som ikkje alltid var farbar. Då måtte ein ta vegen over fjellet. Segna fortel at byklarane tok livet av ein av prestane sine der.

Presten plikta å ha gudsteneste i Bykle tre gonger i året. Dei lengst borte hadde to dagars reisetid for å kome seg til kyrkje, og innlosjerte seg hjå slekt og vener nærare kyrkja. Då vart det gudsteneste til dagar etter kvarandre, barnedåp og kanskje også ei gravferd eller to (jordpåkasting) og bryllaup.

 

Bykle kyrkje er dekorert med tradisjonell rosemåling. Arbeidet vart utført i 1826.