Dampbåten Bjoren


På turen gjennom Setesdal må du få med deg eit "cruise" med den vedfyrte dampbåten Bjoren.

Billettprisar:

Vaksen kr. 250,-

Barn kr. 150,-

Familie (foreldre + barn  til og med fylte 16 år. ) Kr. 600,-

Har du spørsmål/bestilling av chartertur kontakt oss på tlf. 995 18 203

 

NB! Redusert pris når båten går frå Bygland til Byglandsfjord - eller Byglandsfjord til Bygland - utan retur.

 

 

                                                                                        Bestill billett   

 

 

 

 

Åpne turer 2022

Søndag 05.juni kl.12.00 Byglandsfjord

Søndag 12.juni kl.12.00 Bygland

Søndag 19.juni kl.12.00 Byglandsfjord

Søndag 26.juni kl.12.00 Byglandsfjord

Onsdag 29.juni kl.12.00 Bygland

Søndag 03.juli kl.12.00 Byglandsfjord

Onsdag 06.juli kl.12.00 Byglandsfjord m/Kulturpatrulja

Lørdag 09.juli kl.16.00 Byglandsfjord-Ose via Bygland (ikke retur)

Lørdag 09.juli kl.18.00 Bygland-Ose (ikke retur)

Søndag 10.juli kl.11.00 Ose 1 ganger rundtur

Søndag 10.juli kl.12.15 Ose 1 ganger rundtur

Søndag 10.juli kl.13.30 Ose 1 ganger rundtur

Søndag 10.juli kl.16.00 Ose-Bygland (ikke retur)

Onsdag 13.juli kl.12.00 Byglandsfjord m/Kulturpatrulja

Lørdag 16.juli kl.17.00 Bygland-Byglandsfjord (ikke retur)

Søndag 17.juli kl.12.00 Byglandsfjord

Onsdag 20.juli kl.12.00 Bygland m/Kulturpatrulja

Søndag 24. juli kl.12.00 Bygland

Onsdag 27.juli kl.12.00 Bygland m/Kulturpatrulja

Søndag 31.juli kl.12.00 Bygland

Onsdag 03.aug. kl.12.00 Bygland

Søndag 07.aug. kl.12.00 Byglandsfjord

Søndag 14.aug. kl.12.00 Bygland

Søndag 21.aug. kl.12.00 Bygland

Søndag 28.aug. kl.12.00 Byglandsfjord

 

Bjoren kan ta inntil 55 passasjerar på kvar tur. Turane er på ca. 2 timar, og startar frå bryggja på Byglandsfjord eller bryggja på Bygland med retur til same brygge.

Vert tur nr. 1 kl. 12 fullbooka, vert det vurdert om det skal settest opp ny tur kl. 14 .

Billettar vert lagde ut på nettet der det vil gå fram kva for turar som er muleg å bestille på.

 

Dette er tilbodet om opne turar slik vi kan tilby i dag, men det kan verte endringar på grunn av vannstand mm, retur mellom Byglandsfjord og Bygland, så kontakt oss gjerne og spør om det er mogeleg å bli med på tur.

Lyst på ein chartertur med DS Bjoren?

I 1840-åra kom det veg som gjorde det mogeleg å køyre med hest og kjerre oppetter Setesdal. Då dampbåtane Bjoren og Dølen begynte å gå i 1867, vart transporten nok ein gong dramatisk forandra. Frå å leve i eit tilnærma naturalhushald, begynte setesdølane meir og meir å handle i byane. Jernbane i 1896 (Setesdalsbanen til Byglandsfjord) og rutebilar frå 1920 berre forsterka utviklinga, og bidrog til at setesdølane vart ein meir integrert del av det norske samfunnet.

Bjoren har ikkje gått i rute sidan 1957. Etter tre tiår der det såg ut som aldri ville kome på vatnet meir, vart den restaurert i 1994. I dag er dette flytande kulturminnet ein av dei viktigste attraksjonane dalen har å tilby om sommaren, og er mykje brukt av så vel bygdefolk som gjester. Den har til og med vorte «cruisebåt»!

Båten kan chartrast av grupper på opptil 55 personer. Vi tek i mot grupper til firmatruar, familietreff, festivalar, bryllaup mm Det er gjeve løyve til skjenking av øl og vin, og anna servering kan bestillast etter avtale. Kontakt oss på tlf. 995 18 203 eller bjoren@setesdalsmuseet.no 

For folk flest har sundagsturane med start anten på Bygland eller på Byglandsfjord vorte svært populære. På forsommaren vert det sett opp segleplan med utfyllande informasjon slik at billettar kan bestillast i forkant.

DS Bjoren ligg til kai anten på Byglandsfjord eller ved Bygland museum.