Evje mineralsti


Syns du det er spennande med geologi? Då er Evje mineralsti ein god plass å begynne. I den gamle Landsverkgruva vert det sprengt ut store stuffar med mange ulike mineral. Der får du lov til å gå på skattejakt.

Gruveområdet ved Evje Mineralsti er no stengt for sesongen for den som vil leite etter mineralar. 

Turstien er open for fri ferdsel.

 

  

Billettprisar: 

Vaksne kr. 100,-

Born kr. 75,-

Familie (foreldre + born til og med fylte 16 år): kr. 250,-

 

Adresse:

Almannavegen 19, 4735 Evje og Hornnes

 

 

 

Bestill billetter

                                                                                  

 

 

Evje og Iveland er verdskjende for mineralrikdomen si, og kvart år kjem steininteresserte frå heile Europa for å leite etter stein. Under namnet Evje mineralsti er 5 gamle gruver knytta saman. Du kan kan gå stien som ei vandring i eit vakkert, kulturhistorisk ganske så spesielt landskap. Mineralstien er veleigna for familiar med både store og små.

I den gruva som kallast Landsverk I, er det funne mest 50 ulike mineral. Der finn du ein kiosk som er betjent mellom 15.6 og 15.8, og frå gruva vert det gjennom sommaren køyrt sprengt stein ut i friluftsområdet der du kan gå på skattejakt i mineralstuffane.

 

Korleis finne fram?:

Følg skilting frå Rv. 9, ved Evje kyrkje nord for Evje sentrum. Tak Gautestadvegen forbi kyrkja og oppover mot Flatebygd. Skilt viser vegen til gruveområdet. Det er om lag 2 km frå Evje kyrkje til startpunktet for Mineralstien. Adressa er Almannvegen 19, 4735 Evje og Hornnes

 

For deg som vil leite etter stein gjeld følgjande:

Du kan låne utstyr av Evje mineralsti, og det er påbudt å gå med hjelm og vernebriller.

 

Ønskjer du å bruke eige utstyr gjeld:

Hamarar kan ha ei maksvekt på 1,5 kg. Det er ikkje lov å bruke hamarar i herda stål.

Meislar kan ha ei makslengde på 30 cm. Ikkje spett.

Det er berre lov å bruke små kombispadar. Heller ikkje motorisert utstyr.

 

Mineral er ein ikkje-fornybar ressurs, og difor er det viktig at følgjande vert respektert:

Du kan ta med tre kilo mineral, men for kvart enkelt mineral gjeld ei begrensing på ein kilo.

Annan stein, som feltspat, kvarts og glimmer, kan du ta med så mykje du vil av.

 

For å ha ei morosam og trygg oppleving, må du også take hensyn til at

- det er ikkje lov å klatre i veggene.

- når du bankar på ein stein, må du forsikre deg om at du ikkje kan skade andre samlarar i nærleiken. Hold god avstand!

- du ikkje kastar stein rundt deg. Berre slepp dei rett ned om du ikkje vil ha dei

- stein kan vere skarp, og vi tilrår ikkje å grave i steinhaugen utan hanskar.

- dei beste krystallane neppe ligg på overflata, og du må grave skikkeleg for å gjere gode funn!

- de er lurt å bruke vasslangane til å skyle vekk grus og gjørme etter at du har grave i tippen.

   Då er det lettare å finne krystallar eller amazonitt.

- det er mange som samlar, og når du finn mange bitar av same mineral, kan du gjerne dele med andre.

- du alltid vaskar alltid etter at du er ferdig med å samle stein, særleg før du skal ete. Fragment av stein kan vere skarpe!

 

 

 

 

 

 

Tursti

Ønskjer du å gå turløypa, tek den deg forbi fem gamle gruver. Oppstart er ved kiosken ved Landsverk I gruva. Det er laga eit vandrekart som du kan be om i kiosken. 

Det er to ruter som delvis overlappar kvarandre. den gule rut er omlag 1,2 km lang. og går berre rundt Gudmunds gruve. Den raude løypa er 2,1 km lang, og går langs

alle dei fem gruvene som er tilknytta mineralstien. I tillegg går den raude løypa forbi den nedlagde garden Landsverk, der vi i dag berre har att grunnmuren etter løa.

Etter regn kan stien vere laut, og du bør ha på deg gode sko. Elles eignar turen seg for folk i alle aldrar.

 

Landsverk I (Jokelidgruva)

Landsverk I (Jokelidgruva) er blant dei eldste gruvene i Evje. Frå ca. 1884 forsynte denne gruva Evje Nikkelverk med kvarts til flytemiddel i smelteomnane.

Då Setesdalsbanen kom i 1896, blei det billegare frakt til Kristiansand, og det blei starta opp drift på feltspat. I 1920-åra var det stor drift etter feltspat, medan det var driftsstans ved nikkelgruva. Då blei det tatt ut over 20.000 tonn feltspat og 1000 tonn kvarts.

I tillegg er det teke ut ein god del glimmer, amazonitt og ei rekke sjeldne mineral.

Frå 1960- åra dreiv Theodor Gautestad gruva. Han begynte å ta vare på spennande mineral og opna i 1964 den fyrste steinbutikken i Noreg på Evje (Setesdalstein A/S).

Landsverk I har ein av dei mest mineralrike pegmatittane i Norden.

Pegmatitten ligg i mørk amfibolitt, og dannar ein 20-30 meter brei og 120 meter lang gang med nesten loddrette grenser. Dei sentrale delane er relativt grovkorna med store stolpar av raudbrun mikroklin. Førekomsten er óg rik på kvit plagioklas, muskovitt og biotitt. I tillegg finst det fleire titals aksessoriske mineral.

Nokre soner i Landsverk I inneheldt tidligare tonnevis av amazonitt med ein vakker grønfarge. Ein finn endå litt amazonitt her, saman med fin cleavelanditt.

Ein kan óg finne spanande kvartskrystallar som ofte er pryda med stilpnomelan. I vakre druserom finst det albitt, adular og fluoritt. Av og til finn ein sjeldne jordartsmineral som euxenitt, fergusonitt og monazitt.

Landsverk II

Landsverk II er óg kjend som Rumpetrollsynken.

Førekomsten omfattar fleire små pegmatittryggar. Frå eit par av desse, er det vunne ut feltspat, om lag 300 tonn.

Pegmatitten består av ei ujamn, forholdsvis finkorna blanding av feltspat og kvarts.

Dei einaste nemneverdige av mørke mineral er biotitt, som ein finn i små, ujamne flak.

Feltspaten består av ein raudleg mikroklin-feltspatt og ein kvit plagioklas.

Førekomsten er óg blitt skjerpa på molybdenitt, som til vanleg sit i plagioklasen. Molybdenitt er funne som små krystallar, men ein gong blei det funne ein klump med molybdenitt, stor som ein knyttneve. Saman med molybdenitt kan ein óg finne pyritt. Det er óg funne litt bismutinitt.

Førekomsten er relativt fattig, og ingen har tent pengar på han. Prøveboring har synt at det er grunnfjell under pegmatitten alle stader.

Landsverk III

Landsverk III er óg kjent som Hagebrotet eller Beryllbrotet.

Drifta i Landsverk III starta ca. 1900. Brotet blei tidlig nedlagt, etter at det var teke ut ca. 250 tonn med feltspat og ein del beryll.

Stort sett er pegmatitten ei blanding av mikroklin-feltspat og kvarts.

Mikroklin opptrer oftast med raudleg farge, men også amazonitt er funne. Kvit plagioklas opptrer bare i mindre mengde, og inneheld 88 % natronfeltspat.

Den siste som tok ut natronfeltspat her, var Ivar Gautestad, kring 1986. På den tid tok dei i bruk natronfeltspat til tannspat (i kunstige tenner).

Muskovitt er det dominerande glimmermineralet. Av dette er det teke ut ca. 3 tonn.

Førekomsten er ein klassisk funnstad for thortveititt, som opptrer saman med ilmenorutil.

I 1958-1960 tok Theodor Gautestad ut ca. 10 kg thortveititt, som han selde til USA til ein pris av NOK 170.000. Det meste av thortveititten blei funnen i dei gamle skrotrøysene utanfor gruva.

Det finst ein god del beryll som delvis er sterkt omdanna til ei blanding av albitt, hematitt, magnetitt o.a. Ein har funne både svarte, raude, blå og grøne beryllar i Landsverk III.

Der er litt granat (spessartin) og hematitt (jernglans), som sit skjult i sprekkar. Turmalin og bismuthinitt er også funnen.

Av mineral som inneheld sjeldne jordartsgrunnstoff, finst det monazitt, euxenitt og samarskitt i Landsverk III.

Landsverk IV

Landsverk IV bli og kalla Furulunden.

Drift i Landsverk IV starta opp rundt 1900. Fram til 1927 blei det teke ut 253 tonn feltspat og 224 tonn skriftgranitt.

Gruva blei sist driven av Jørgen Gautestad, som fram til 1961 tok ut 100 tonn kvarts og 150 tonn feltspat.

Pegmatitten utgjør ein 30 meter brei og 70 meter lang gang i amfibolitt.

Ein stor del av pegmatitten består av rein skriftgranitt, som markerer grensa mot amfibolitten. Skriftgranitten består av raudleg mikroklin med kvartsskrift av middels grovleik.

I midten av pegmatittgangen er det ein raudleg mikroklin-feltspat og ein kvit plagioklas-feltspat i tillegg til biotitt.

Det er ikkje funne nokre spanande mineral her, og røysene ligg i dag praktisk talt urørte etter at gruvearbeidarane slutta.

Gudmunds gruve

Denne gruva er også kjent som Citrinbrotet.

Det blei skjerpa i dette brotet før 2. verdskrig. I 1950- åra dreiv Gudmund Olsen, Elias Jerstad og Einar Jerstad gruva saman.

Etter at dei hadde sprengt bort ein halv meter tjukk kappe med feltspat, fann dei at det låg druser fulle av kvartskrystallar under.

Kvarts var for dårleg betalt til å fortsette drifta av brotet, men nokre av bergkrystallane hadde ein fin gulfarge. Det var citrin, av same gode kvalitet som også blei funnen i Landsverk I.

Citrin av god kvalitet finn ein sjeldan og er difor ettertrakta til sliping av smykkesteinar.

Ørsmå mengder av jern (Fe3+) i krystallstruktur inni krystallen skapar den gule fargen.

På 90-tallet fann Ivar Gautestad store druser med grove kvartskrystallar.

Hardtarbeidande hobbysamlarar har óg rapportert fleire funn av større druser med kilovis av kvartskrystallar.