Evje og Hornnes museum Fennefoss


Interessert i geologi? Setesdal si største mineralsamling kan du sjå på Fennefoss.

 

Evje og Hornnes Museum Fennefoss er no stengt for sesongen.

 

Evje og Hornnes museum er eit bygdemuseum som inneheld mangt og mykje. Mellom gamle bondegjenstandar finn du Setesdals eldste apotek, ei skulestoge, samt fleire flotte samlingar med både norske og utanlandske mineralar. Det finst til og med utstyr av same slag som Marie Curie skal ha nytta i sitt arbeid med radioaktivt materiale tidleg på 1900-talet.

Tradisjonelt har minerala vorte presentere på ein måte som først og fremst er tilpasset den genuint interesserte. I dag er tanken å fange ulike grupper av besøkende gjennom å sette mineralane inn i større samanhengar. Eit viktig fokus kva dei ulike minerala kan brukast til.

Det var personlege initiativ som førte til at Fennefoss i 1975 vart kjøpt som museumsgård. Den historiske bakgrunnen var spennende som et hovudsete for haugianarane i Setesdal tidleg på 1800-talet. I Aleksander Kielland si kjende bok Skipper Worse, heiter ein av hovudpersonane Hans Nilsen Fennefoss!)

Våningshuset på Fennefoss er romsleg, og gjev plass til utstillingane. I tillegg er det tilført ei rekkje gamle bygningar som i dag utgjer eit tun for seg sjølv.

Hovudfokus er geologi og gruvedrift i Evje- / Ivelandsområdet. Vil du heller lære meir om rosemåling eller annan bygdekultur, så er denne også staden for deg.