Fredningsmarkering av DS «Bjoren»
Riksantikvaren inviterer i samarbeid med Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet/Aust Agder museum og arkiv til fredingsmarkering av DS «Bjoren».
«Bjoren» er ein av de siste gjenverande vedfyrte dampbåtane i Noreg. Det flytande kulturminnet ein av dei viktigste attraksjonane i Setesdal om sommaren, og no inviterer vi til fredningsmarkering.
laurdag 13. juni 2026
12:00
Bygland museum
Bjoren brygge, Bygland, laurdag 13. juni klokka 12.00.
Program
- Musikalsk velkomst ved Kulturpatrulja
- Velkommen, ved fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen
- Historia til DS «Bjoren», ved Hind Helene Harira, leiar ved Setesdalsmuseet
- Korleis er det å vere kaptein på DS «Bjoren», ved kaptein Verena Therese Mølø Larsen
- Kulturelt innslag
- Fredingsvedtak og diplomoverrekking frå Riksantikvaren
Det vert servering av setesdalssuppe, kaffi og kake og aktiviteter for barn og familie. Det vert òg høve for publikum til å ta tur med DS «Bjoren».
Ved dårleg vêr vil delar av arrangementet føregå under telt.
Velkomen til ei høgtideleg og hyggeleg markering!
DS «Bjoren» sin historie – kort oppsummert
- «Bjoren» er ein av de siste gjenverande vedfyrte flytande dampbåtane som representerer den tidlege trafikken på vassvegane i innlandet. Fartøyet vitnar og om ei utvikling som var gjengs for trafikken på mange vatn, der dampbåtane med tida vart ombygde for å tilpassa seg ny bruk og funksjon, og som var i bruk like lenge som rutene vart oppretthaldne.
- «Bjoren» vart levert frå Akers Mekaniske Verksted til Oplandske Dampskibsselskapet i 1867 for passasjertrafikk på Kilefjorden.
- Trass nokre opphald i driftshistorikken som rutebåt er «Bjoren» det eldste passasjerfartøyet med ubroten proveniens ved Byglandsfjorden frå 1867 til i dag.
- Med fredinga av DS «Bjoren» tek vi vare på ein representant på ei teknisk historisk utvikling i samfunnet. «Bjoren» har i over hundre år vore ein berebjelke for ferdsel og næringsliv i Setesdal.
- Med fredinga heidrar vi også dei mange frivillige og eldsjelene som har stått på og redda «Bjoren». Takka vera dei kan vi alle framleis opplever henne – som ein levande formidlar av ei viktig maritim innlandshistorie kvar sommar som kulturhistorisk båtrute på Byglandsfjord.

