Påskeverkstad på Setesdalsmuseet
I år igjen inviterer vi til påskeverkstad for både små og store i følge med ein vaksen. Vi skal male og pynte krukker🪴
Vi plantar også karse i melkekartongar - perfekt å ta med heim og sjå det spire til påske.
Det vert bakt gule påskebollar 😁
I tillegg vert det påskeeggjakt i museumsområdet med premie til dei som finn alle egga! 🥚🐰✨
31. mars - 31. mars 2026
12:00
Setesdalsmuseet